Interkommunale helsetenester, Stad kommune

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sjukepleiar Stad kommune Stad Deltid

Om stillinga

Interkommunale helsetenester er akuttberedskapen i Nordfjord og har et vidt spekter av oppgåver og utfordringar som skal løysast. Vi er ein spennande arbeidsplass der ein kvar dag "kjenner pulsen på Nordfjord"- litt action, godt arbeidsmiljø og ein får utfordre seg sjølv. Her må ein være løysingsorientert og kunne stole på eigne vurderingar. I tillegg får ein ta del i eit arbeidsmiljø der ein arbeider tett med lege, ambulansepersonell og sjukepleiar, og det er stor takhøgde for å stille spørsmål.
Jobben som sjukepleiar ved IKHT er svært variert, og ingen vakter er like. Sjukepleiar byter på å jobbe med legevaktformidling, gje råd og rettleiing på telefon, stell og pleie til pasient ved ØHD, og pasientbehandling ved legevakta. Stillinga har tredelt turnus, og arbeid to av sju helgar med langvakter.

Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune).

Interkommunale helsetenester ved Nordfjord sjukehus har ledig:
• 92 % fast stilling , inkl. 12 % frie timar.

Arbeidsoppgåver

  • Svare legevakttelefonen, hastegradsvurdering og prioritering av pasientar, rådgjeving til pasientar og helsepersonell
  • Tilrettelegge og assistere ved skader, traume og akutt sjukdom
  • Medikamenthandtering
  • Observasjon, pleie og behandling av pasient ved ØHD sengepost
  • Samarbeide med heimeteneste og institusjon ved utskriving
  • Fagleg oppdatering og øving ved ledig tid

Kvalifikasjonskrav

  • Sjukepleiar med interesse for akuttmedisin
  • Fordel med erfaring frå akuttmedisin
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • God munnleg framstillingsevne på engelsk
  • Førarkort kl B for utrykning av legevaktbil saman med lege. Moglegheit for å ta "utrykningslappen".

Om deg

  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande
  • Du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag med høg aktivitet
  • Du har medansvar for eit godt arbeidsmiljø
  • Du er ryddig og held orden rundt seg

Vi tilbyr

  • God opplæring og oppfølging
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Øving i akuttmedisin
  • Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel
  • Tredelt turnus med langvakter helg. Tilrettelagt for kvile på langvakter.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.