Sogndal kommune Hovedbilde

Sjukepleiar - Balestrand helsetun, heimeteneste og legevaktpilot

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogndal kommune Sogndal Fulltid

Om stillinga

alestrand helsetun, heimeteneste og legevaktpilot i Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar

  • 2 x 80 % fast sjukepleiar.

For begge stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.

Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til helsetunet ligg både heimetenesta, legevaktpilot, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Helsetunet har eige vaskeri og eit kjøkken som lager god heimelaga mat. Helsetunet ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar på sjukeheim og heimebuande
  • Oppgåver i tilknyting legevaktspiloten
  • Heilskapleg pleie og omsorg
  • Rettleiar for studentar/lærlingar og andre
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
  • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem - LMP
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Legevisittar
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi
  • Førarkort

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Lønn etter avtale

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.