Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Sivilingeniør/ingeniør VEG Sogn | Norconsult Norge AS | Sogndal | Fulltid |
Norconsult er den største rådgjevaren i Noreg innanfor samferdsel, og dekkjer alle fagområda som er naudsynt for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette samferdselsanlegg, frå idé til realisering. I Sogn og Fjordane er det ikkje langt mellom utfordrande og interessante vegprosjekt, der vi bidreg med våre idéar og kompetanse i alt frå rassikringsprosjekt til utvikling av bymiljø. Sentralt for alle våre prosjekt er digitalisering og modellbasert prosjektering, klimatilpassing og berekraftige løysingar.
Norconsult Sogn og Fjordane har 6 dyktige VEG-ingeniørar som saman med medarbeidarar innan plan, VA, konstruksjon, geofag og landskap jobbar tett i tverrfaglege team med planlegging – og prosjektering av ulike typar samferdselsanlegg. I Norconsult jobbar vi mykje på tvers av fag og geografi for å utnytte kompetanse og ressursar. Avhengig av bakgrunn og erfaring vil du kunne jobbe på store tverrfaglege samferdselsprosjekt, men også i mindre, lokale oppdrag.
Både erfarne og nyutdanna kan søkje på stillinga. Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle.
Norconsult har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med omlag 70 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi har store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen.
Vi søkjer etter motivert og dyktig ingeniør/sivilingeniør, fortrinnsvis med noko erfaring innan VEG-prosjektering, gjerne frå rådgjevarbransjen.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/
Innsending av søknad:
Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 600 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avlaup, industri, sikkerheit, miljø og IT.