
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Sivilingeniør/ingeniør konstruksjonsteknikk Sunnfjord | Norconsult Norge AS | Sunnfjord | Fulltid |

Vil du vere med å utvikle eit sterkt lokalt fagmiljø innan konstruksjonsteknikk?
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Sogndal, Årdal, Gaupne, Førde, Sandane og på Nordfjordeid med over 70 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Bygg-/konstruksjonsteknikkgruppa utgjer det største fagmiljøet vårt med i alt 15 medarbeidarar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei og tverrfagleg kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi har for tida stor oppdragsmengde og søkjer sivilingeniør/ingeniør innan bygg og konstruksjonsteknikk. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå rådgjevar- og/eller entreprenørverksemd, og kan vere ein sentral fagperson og mentor i vår faggruppe i Sogn og Fjordane.
Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø. Oppdraga spenner frå utviklingsfasar via skisse- og forprosjekt til detaljprosjektering og FDV-dokumentasjon.
Vi ønskjer fortrinnsvis tilsetting i Førde, men andre kontorstader i Sogn og Fjordane er aktuelle.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/
Innsending av søknad:
Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 600 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.