Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Sivilingeniør / ingeniør maskin/prosessteknikk | Norconsult Norge AS | Årdal | Fulltid |
Industrimiljøet i Norconsult har eit godt renommé hjå fleire av dei største industriaktørane i Noreg. Vi opplever eit auka fokus på å sikre ein meir berekraftig produksjon blant kundane våre. Omstillinga av store industrianlegg kan vere både kompleks og ressurskrevjande. Etterspurnaden på bistand og kompetanse frå oss er stor, og vi ser difor etter nye kollegaer som kan styrke det tverrfaglege teamet vårt.
Kundeporteføljen vår spenner breidt, frå prosjekt hjå godt etablerte industriverksemder til prosjekt i nye industrisegment. Stillinga gjev moglegheit for utvikling innanfor blant anna smelteverk, akvakultur, hydrogen, lagring og transport av diverse materialar, næringsmiddel og batteriproduksjon.
Vi søkjer sivilingeniør / ingeniør maskin/prosessteknikk til kontoret vårt i Årdal. Norconsult har i Årdal 6 tilsette innan maskin, prosess, konstruksjonsteknikk og bygg og er ein del av vårt tverrfaglege miljø i Sogn og Fjordane med ca 70 tilsette totalt.
Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå gjerne «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer oppmerksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må vere skriven på eit skandinavisk språk.
Ring oss gjerne for ein prat.
I Norconsult utvikler vi morgendagens samfunn ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har en helhetlig tilnærming med utgangspunkt i lokal tilstedeværelse og tverrfaglig kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Vi er et medarbeider-eid rådgiverselskap, og våre 5 100 medarbeidere er fordelt på rundt 130 kontorer, hovedsakelig i Norden. Hvert år løser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlige kunder, innen blant annet bygg og eiendom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vann og avløp, industri, sikkerhet, miljø og IT.