Vestland fylkeskommune Hovedbilde

Ønskjer du å jobbe med viktige oppgåver innan sikkerheit og beredskap?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sikkerheit og beredskap - spesialkonsulent / rådgjevar Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Sondre Lekve Bjelle
-
91573532

Søknadsfrist

20. mai 2026 Søk på stillinga her

I denne stillinga vil du få jobbe overordna for heile Vestland fylkeskommune, og du vert ein viktig ressurs i arbeidet med å førebyggje, handtere og lære av uønskte hendingar. Stillinga er plassert i seksjon for sikkerheit og støttetenester i avdeling for IKT og digitalisering. Seksjonen har eit overordna ansvar for sikkerheits- og beredskapsarbeidet i Vestland fylkeskommune, og samarbeider tett med fagmiljø i heile organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

Du vil mellom anna få arbeide med å:

  • Vidareutvikle styringssystemet for sikkerheit og beredskap
  • Utarbeide og oppdatere verdivurderingar, ROS-analysar, VTS-analysar og overordna beredskapsplanverk
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere beredskapsøvingar
  • Bidra i handtering av uønskte hendingar
  • Rettleie avdelingar i deira arbeid med ROS-analysar, planar og øvingar
  • Vidareutvikle arbeidet med personellsikkerheit
  • Bidra til å byggje sterk sikkerheitskultur i organisasjonen
  • Bidra i relevante utgreiingar, fagteam og prosjektgrupper
  • Bidra til vidareutvikling av tenester og leveransar på fagområdet

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan sikkerheit, beredskap eller administrative fag
  • Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Høg integritet og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig

    Det er ein fordel om du har:
  • Relevant erfaring frå stillinga sine arbeidsområde
  • Kjennskap til sikkerheitslova
  • Erfaring frå offentleg forvaltning

    Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje.

    Den som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG.

Personlege eigenskapar

Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Jobbar sjølvstendig med høg arbeidskapasitet og leveranseevne
  • Er analytisk, utviklingsorientert og løysingsorientert
  • Tek ansvar utover eige arbeidsområde
  • Har god gjennomføringsevne og handterer fleire oppgåver samtidig

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • stillingsnemning spesialkonsulent / rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
  • løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar
  • fleksibel arbeidstid
  • heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Kontorstaden ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.