Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Kinn kommune | Kinn | Fulltid |
Vi søker deg som vil vere med på å gjere eit viktig arbeid for barna i SFO ved Florø barneskole!
Vi søker deg som har barna i fokus, skaffar deg innsikt i deira behov og samarbeider med fagarbeidarar og miljøterapeutar, for å skape kvalitet i tilbodet til alle elevane. Du er opptatt av å legge til rette slik at alle barna våre har det trygt og godt.
Som leiar blir du ein del av eit fagleg sterkt, og hyggeleg arbeidsmiljø, som finn dei beste løysingane saman. Vi arbeider etter gode planar, jobbar strukturert og samarbeider godt med barna og foreldra.
Vi treng deg med ein autoritativ vaksenstil, den som er god på å bygge relasjonar og på same tida er tydeleg på krav og forventningar. Vi treng deg som jobbar strukturert og kvalitetsbevisst. Det er viktig at du er robust og klarer å stå i ein jobb som krev det beste av dei beste.