Vestland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsstadene i fylket, med over 6000 tilsette.
Ønskjer du å arbeide i eit spanande og innovativt miljø med høve til å påverke samfunnsutviklinga innafor det kulturfaglege området? Då er kanskje dette stillinga for deg.
Vestland fylkeskommune søker etter seniorrådgjevar for ledig 100% fast stiling i seksjon for kulturutvikling, som er ein del av avdeling for kultur og folkehelse. Fageininga har lokasjon både i Bergen og Førde, og den som vert tilsett får arbeidsstad Førde.
Vi ønskjer ein seniorrådgjevar med kompetanse og erfaring både frå kulturfeltet, kulturpolitikk og planfeltet. Det ligg til stillinga å ha eit heilskapleg blikk på korleis kultur bidreg til den generelle samfunnsutviklinga.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av planar/høyringar
- Følgje opp Vestland fylkeskommune sin vedtekne kulturpolitikk, særleg vedteken regional plan for kultur
- Tverrfagleg koordinering og prosjektleiing
- Styrke arbeidet med kunnskapsbasert kulturforvaltning
- Fagleg dialog og samarbeid med statlege organ, kommunane, kulturinstitusjonar, organisasjonar, akademia og andre relevante fagmiljø.
- Bidra i arbeid med tilskotsordningar og handsaming av søknadar
- Andre oppgåver som naturleg ligg til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning på mastergradnivå
- Kjennskap til kulturpolitikk og kulturlivet i Vestland
- Erfaring med plan- og utviklingsarbeid, og kjennskap til relevante lovverk
- Kunnskap og erfaring med offentleg forvaltning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Gode analytiske evner og evne til å sjå samanhenger og heilskap
- Systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert
- Ha gode evner til samarbeid og til å bygge nettverk
- Evne til presentere fagområdet i ulike samanhengar
- Evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i ein framoverlent organisasjon der du kan vera med å setta preg på utviklinga i
Vestland fylke - Eit inkluderande og sterkt fagmiljø
- Varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor
- Attraktive pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Moderne og trivelige kontor