Lotteri- og stiftelsestilsynet Hovedbilde

Vil du jobbe med teknologi og kvalitetssikring på pengespelfeltet?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Seniorrådgivar Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid

Likar du å jobbe med digitale tenester og synest det er spennande å løyse problem i både eksisterande og nye løysingar? Då er du kanskje den vi leitar etter!

Vi har ei nyoppretta fast stilling som skal bidra til å styrkje kompetansen vår i skjæringspunktet mellom teknologi, kvalitetssikring og pengespelområdet. Du vil få ei viktig rolle i å støtte opp under dei regulatoriske prosessane på pengespelområdet ved mellom anna å følgje teknologiske trendar, gjennomføre programvaretesting og bidra i leverandørstyring.

Hos oss får du eit meiningsfylt samfunnsoppdrag, varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø.

Høyrast dette spennande ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er delt mellom fagavdelinga for pengespel og stabsavdelinga for IT og dokumenthandtering, men du vil vere organisatorisk plassert i IT og dokumenthandtering (ca. 20 tilsette). Her vil du jobbe tett med både fagmiljøet og utviklingsmiljøet i organisasjonen, og få stor moglegheit til å påverke korleis vi arbeidar.

På pengespelområdet er teknologiforståing og kjennskap om rammeverk for testmetodar viktig for å sikre kvalitet og etterleving av regelverket. Du vil bidra med innsikt i kva krav ein bør stille til pengespelselskapa innan teknologi og testing, og korleis vi bør innrette tilsynsarbeidet på dette området. Du vil dermed vere ein viktig del av arbeidet med å styrkje kompetansen i heile organisasjonen på dette feltet. Dette inkluderer samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.

På IT-området vil du få ansvar for å etablere eit testregime for interne system og få moglegheita til å bidra i prosjektleiing av teknologiprosjekt. Du vil òg halde deg oppdatert på ny teknologi, då særleg med fokus på pengespelområdet.

Det må påreknast noko reiseverksemd i stillinga.

Dette ser vi etter

Vi ser etter deg med relevant erfaring og utdanning på bachelornivå. Dersom du har solid erfaring frå teknologiarbeid og kan vise til gode resultat, kan dette kompensere for utdanningskravet. Vi ser primært etter kandidatar med:

  • Erfaring frå både testing og prosjektleiing, som trivst i eit miljø der fag og teknologi verkar saman
  • Trygg på å leie arbeid knytt til testing av applikasjonar og system, og beherskar planlegging, dokumentasjon og utvikling av ein heilskapleg teststrategi
  • Kjennskap til smidige utviklingsmetodar og forståing for korleis teknologi kan nyttast for å utvikle og forbetre tilsynsarbeidet på pengespelområdet
  • Kompetanse i å lese og forstå teknisk dokumentasjon, arkitektur og andre tekniske avhengigheiter
  • Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Kombinerer nysgjerrigheit for teknologi med ein sans for kvalitet og struktur
  • Trivst med å sette deg inn i og formidle komplekse problemstillingar på ein pedagogisk og presis måte
  • Er strukturert, nøyaktig og fleksibel i måten du jobbar på
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, samstundes som du kan jobbe sjølvstendig

Kvifor velje oss?

Her får du ein spennande, utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø – samtidig som du får ein god balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.

Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning.
Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.

Verd å merke seg

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som seniorrådgivar stillingskode 1364.

Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Kontaktinformasjon

Falk Michael Tewes, Fagdirektør, IT- og dokumenthandtering, 95859348, falk.tewes@lottstift.no
Tore Bell, Avdelingsdirektør, pengespel, 99284339, tore.bell@lottstift.no

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde