Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Senior rekneskaps- og økonomirådgjevar | Sognekraft AS | Vik | Fulltid |
Ønskjer du å jobbe i eit energikonsern som er med og utviklar lokalsamfunnet i Sogn? I økonomiavdelinga til Sognekraft-konsernet er det aukande oppdragsmengde og me opprettar derfor ny stilling som senior rekneskaps- og økonomirådgjevar. Er du den me ser etter?
Som rekneskaps- og økonomirådgjevar arbeider du med rekneskap og rådgjeving overfor dotterselskapa i konsernet, som nettselskapet, vasskraftproduksjon eller fiberselskapet. I tillegg er det ei rekkje selskap vi leverer rekneskapen til. I denne rolla følgjer du tett selskapa og optimaliserer deira posisjon i høve forretningsutvikling og drift.
• Rekneskapsføring, periodiske avslutningar, rapportering, årsoppgjer og skattemelding for selskap i konsernet
• Kvalitetskontroll og oppfølging
• Økonomisk rådgjeving
• Vere med å effektivisere arbeidsprosessar
• Vere ein naturleg sparringspartnar og rådgjevar for både kollegar og selskapa i konsernet
• Bachelor eller mastergrad innan økonomi, rekneskap eller revisjon
• Fordel om du er statsautorisert rekneskapsførar
• Minimum 3 års relevant arbeidserfaring med regnskap og/eller revisjon
• God systemforståing og gjerne erfaring med Visma, samt årsavslutnings-programmet Maestro.
• Kompetanse innafor aktuelle regelverk
• God skriftleg og munnleg evne til formidling
Du kan og likar rekneskapsfaget, og er analytisk og strukturert. Du jobbar planmessig og sjølvstendig og leverer på fristar. Du er ein lagbyggjar som skapar gode relasjonar og samarbeider på tvers av avdelingar og selskap.
• Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
• Spanande og variert arbeidsdag
• Gode pensjons- og forsikringsvilkår
• Vere ein del av eit energikonsern i vekst og utvikling
Stillinga har kontorstad på hovudkontoret i Vik.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat med konserndirektør økonomi og finans Bente Vangsnes tlf. 906 95 180 for meir informasjon.