Fagleiar- Vi søkjer ein innovativ og framoverlent sjukepleiar med interesse for fagutvikling og leiing. Bilde

Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fagleiar- Vi søkjer ein innovativ og framoverlent sjukepleiar med interesse for fagutvikling og leiing. Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Seljetunet omsorg og rehabilitering har ledig 100% fast stilling som fagleiar. Fagleiar er saman med avdelingsleiar og einingsleiar ein del av leiarteamet som saman skal bidra til utvikling av institusjonstenesta i kommunen. Hovudoppgåvene i stillinga er fagutvikling og kompetanseheving, samt sikre gode tenester og overgangar for bebuarane. Stillinga er organisert med dagvakter i vekene, der 50% er administrasjonstid og turnus 3.kvar helg.

Seljetunet er lokalisert i Selje sentrum. Institusjonen har 46 plassar der 32 av plassane er institusjonsplassar (langtid, korttid og avlastning) og 16 plassar er bemanna omsorgsbustader. Seljetunet har eit hovudkjøkken som leverer mat til Seljetunet og til heimebuande i ytre del av kommunen.

Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert fagleiar som kan bidra til å forme og utvikle tenesta saman med leiarteamet. Fagleiar skal, saman med leiarteamet og dei tilsette, sikre god samhandling med bebuarar, pårørande, spesialisthelsetenesta, samt andre kommunale tenestetilbod. Gjennom kommunen sitt samfunnsmål skal vi bidra til at Stad kommune er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.

Er du innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!

Sjekk oss gjerne på facebook:
Seljetunet eller Kokkane på seljetunet

Arbeidsoppgåver

  • Fagutvikling / kompetanseheving
  • Legevisitt
  • Sikre systematisk samarbeid med fysio/ergoterapeut
  • Oversikt over fagnettverk og sikre kunnskapsdeling i organisasjonen
  • Dagleg oppfølging og rettleiing gjeldande dokumentasjon og IPLOS
  • Organisere oppfølging og rettleiing av nytilsette
  • Tilrettelegging for opplæring og oppfølging av studentar og lærlingar

Kvalifikasjonskrav

  • Off. godkjend sjukepleiar
  • Gjerne relevant praksis og/eller vidareutdanning og kurs
  • Leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

Om deg

  • Er utviklingsorientert, resultatorientert og endringsvillig
  • Er reflektert og har evne til å gje etisk og fagleg rettleiing
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
  • Er sjølvstendig og fleksibel
  • Er innovativ og nytenkjande
  • Er systematisk og strukturert
  • Har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit
  • Har interesse og glede av å jobbe med eldre
  • Har god rolle- , system- og organisasjonsforståing
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap

Vi tilbyr

  • Utviklande og spennande oppgåver med høve til å påverke og utvikle helse- og omsorgstenestene i Stad kommune
  • Eit arbeidsmiljø basert på verdiane nær, raus, skapande og heilhjarta
  • Høve til fagleg utvikling
  • Deltaking i eit utviklande og innovativt leiarteam
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lokalt og sentralt avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.