Vestland fylkeskommune Hovedbilde

Er du pådrivar for endring, og vil medverke til utvikling av organisasjonen?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Seksjonsleiar stab - kultur og folkehelse Vestland fylkeskommune Bergen, Sunnfjord Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Per Morten Ekerhovd, direktør kultur og folkehelse
95760481

Søknadsfrist

22. mars 2026 Søk på stillinga her

Vestland skal vere ein leiande kulturregion. Fylkeskommunen er pådrivar for ei berekraftig samfunnsutvikling, og har sett ambisiøse mål på kultur- og folkehelseområdet.
Mellom fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver er å:

  • utvikle kulturlivet i fylket på beste vis
  • forvalte ei rekkje tilskotsordningar, og støtte tiltak i kommunar og sivilsamfunn
  • leggje til rette for organisert aktivitet og idrett, og eit aktivt og variert friluftsliv
  • bidra på folkehelseområdet til betre levekår for befolkninga, til å jamne ut sosiale helseskilnader, og til eit samfunn som er tilgjengeleg for alle

Stillinga som seksjonsleiar for staben i avdeling for kultur og folkehelse gir ei unik mogelegheit til å bidra i dette arbeidet. Er du pådrivar for endring, og vil medverke til utvikling av organisasjonen? Vi søkjer deg som vil vere med på å sette retning, engasjere og samhandle for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Vi ser etter ein strukturert og trygg leiar som brenn for HR og god økonomistyring. Du har kunnskap om og erfaring med korleis ein veldriven organisasjon skaper gevinstar. Du har forståing for digital omstilling. Som seksjonsleiar arbeider du tett med direktør og er del av leiargruppa. Du vil leie ei stabseining med fire dyktige fagpersonar som understøttar drifta av avdelinga.

Arbeidsstad er Bergen eller Førde.

Arbeidsoppgåver

  • HR-rådgiving og leiarstøtte for seksjonsleiarane i avdelinga og direktør.
  • Personalansvar med vekt på kompetanse- og medarbeidarutvikling.
  • Økonomi- og budsjettstyring.
  • Kvalitetsarbeid og rutineutvikling.
  • Delta i leiargruppa på avdelinga.
  • Internt og eksternt kommunikasjonsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis på masternivå. Brei og relevant erfaring kan kompensere for manglande formelle kvalifikasjonar.
  • Det er ynskjeleg med leiarerfaring, samt erfaring frå HR-feltet.
  • Kompetanse og interesse for digitalisering og forbetring av prosessar.
  • Gode framstillingsevner, munnleg og skriftleg.
  • God økonomiforståing.

Personlege eigenskapar

  • Du kjenner deg igjen i verdiane våre; open, kompetent og modig.
  • Analytisk med evne til å sjå samanhengar og moglegheiter for utvikling.
  • Evne til å leie og motivere medarbeidarar.
  • Høg integritet, handlekraft og gjennomføringsevne.
  • Strukturert og systematisk.
  • Gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

Vi legg til rette for ein meiningsfull arbeidskvardag i ein viktig organisasjon for Vestlandssamfunnet. Du blir del av eit godt arbeidsmiljø der samarbeid står i sentrum. Vi har eit stort fagmiljø med brei kompetanse. Fylkeskommunen legg til rette for både fagleg og personleg utvikling.

Hos oss får du også:

  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar