Sande Barnehage søker dagleg leiar Bilde

Vil du bidra til eit godt oppvekstmiljø for dei små?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sande Barnehage søker dagleg leiar Sande barnehage Sunnfjord Fulltid

Sande Barnehage søker dagleg leiar

Små steg - store spor for framtida

Sande Barnehage ligg idyllisk plassert i Sunnfjord kommune, tett på naturen og med kort veg til fine turar og aktivitetar. Vi har omlag 120 born og 7 avdelingar fordelt på to hus. I Selstadvegen er dei yngste borna fordelt på avdelingane Røyskatt, Gaupe og Oter. I Steiavegen er dei eldste borna fordelt på Reven, Måren og Ekornet. Sande Barnehage ønsker å setje spor i borna sine liv med gode minne i eit trygt og godt oppvekstmiljø. Hos oss vektlegg vi tid, plass og ro til å leike.

Har du lyst til å jobbe i eit stort fagleg miljø omringa av gode og støttande kollegaer?

I Sande Barnehage vil du kjenne deg verdsett frå dag éin. Her vil du bidra til at barna får eit godt miljø for leik og læring.

Vi er ein barnehage i stadig utvikling, der du vil vere med og forme framtida. Du vil samarbeide med kollegaer med ulik bakgrunn, erfaring og alder. Saman kjem vi fram til dei beste løysingane. For at dei tilsette skal vekse og utvikle seg, tilbyr vi kompetanseheving.

Vi verdset verdiar som humor, respekt for barn og vaksne og evna til å skape gode relasjonar. Struktur og gode system blir vektlagt for ein fin jobbkvardag. Om du kjenner deg igjen i desse verdiane, trur vi at du kan trivast hos oss.

Som leiar for ein stor barnehage vil du ha god støtte i eit engasjert og kompetent styre.

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning
  • Leiarutdanning eller minst 5 års erfaring
  • Kompetanse om nyare digitale verktøy og system

Vi ser etter deg som

  • Har gode samarbeidsevner
  • Ønsker å vidareutvikle barnehagen vår
  • Jobbar strukturert og målretta
  • Er opptatt av å skape gode relasjonar

Om du trur at du kan trivast og gjere ein god jobb som dagleg leiar i Sande Barnehage, vil vi gjerne høyre i frå deg.

Søknad og CV sender du til: soknad@sandebarnehage.no

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med dagleg leiar Marianne Ostrøm: marianne@sandebarnehage.no