Steiavegen 20
6973 Sande
577 16 300
SANDE BARNEHAGE - ein god plass å vere
Kvardagen i barnehagen består av møte mellom små og store menneske. Vi ynskjer å gjere dessa møta gode og meiningsfulle. Barna skal og få møte ein stimulerande og utviklande stad, der dei lærer, utviklar seg og har det godt. Barnehagen skal vere ein arena for danning. For å få til dette, trengst nære og rause vaksne som har tid å sjå og møte den einskilde.
Sande barnehage har to bygg, Gamlevegen og Steiavegen
I Gamlevegen har vi;
Haren og Bamsen tek imot dei aller yngste ungane våre. Dei små, "nye" treng rolege omgjevnadar, tid og nære vaksne. Om hausten er dei mykje i ro på avdelingen, leikar ute, eller trillar turar i nærmiljøet. Etterkvart som dei vert tryggare og kjende utvidar dei kontakten med resten av huset.
Hunden og Katten her går ungane det året dei fyller to. No er dei litt meir utforskande og treng litt meir utfordring. Dei leikar meir "saman" spelar, pusler og går lengre "på eigne bein"
I Steiavegen har vi;
Reven, Måren og Ekornet, her går det unger frå den sommaren dei fyller tre til skulestart. Vi er mykje på eigen avdeling, men etterkvart som ungane vert trygge gjer ein fleir ting saman i grupper på tvers av avdelingane