Sakshandsamar Bilde

Sakshandsamar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Stad kommune har frå 11.04.2023 ledig 100% fast stilling som sakshandsamar i barnevernstenesta. Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid.

Som tilsett i barnevernstenesta vil du bli del av eit godt og stabilt fagmiljø som er opptekne av høg fagleg standard. Vi har 7,5 stillingsheimlar og er inndelt i team; melding, undersøking og hjelpetiltak, omsorg utanfor heimen og miljøterapeutar.

Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst. Vi har felles barnevernsvakt med Gloppen og Stryn kommunar.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter lov om barnevern (barnevernslova).

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning, minimum tre år.
  • Vilje til å ta vidareutdanning i tråd med lovkrav i barnevernslova § 15-6 dersom det er nødvendig.
  • Gyldig politiattest skal leggjast fram før start i stillinga, jamfør barnevernslova § 12-11 første ledd.
  • Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil.
  • Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Gode datakunnskapar.
  • Personleg eignaheit.

Om deg

Som sakshandsamar i barnevernstenesta er det viktig at du

  • Har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling
  • Er tydeleg
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Har evne til å trygge og ta i vare partar, samarbeidsinstansar og kollegaer
  • Har gode samarbeidsevner og kan leie samtalar og møter
  • Har stor arbeidskapasitet og kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
  • Kan arbeide planmessig og strukturert
  • Har kjennskap til andre lover og regelverk og god systemforståing
  • Held deg fagleg oppdatert
  • Likar og toler høgt arbeidstempo
  • Har evne til å reflektere over eigen praksis
  • Er fleksibel
  • Aktivt bidrar til eit trygt og godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit for vidareutdanning i tråd med lovkrav knytt til arbeid i barnevernstenesta, jamfør barnevernslova § 15-6.
  • Eininga disponerer eigen bil.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk og moglegheit for kompetansetillegg.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Flyttegodtgjersle.

Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.