Revisor: Rådgivar/seniorrådgivar Bilde

Revisor som vil prøve noko nytt?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Revisor: Rådgivar/seniorrådgivar Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid

Vi jobbar for sikre ansvarlege pengespel i Norge. Stort oppdrag, sa du? Det stemmer.

Lotteritilsynet fører tilsyn og kontroll med både den lovlege og ulovlege pengespelmarkanden. I tillegg jobbar vi mot kampfiksing og manipulering av idrettskonkurransar, og følger opp kvitvaskingslova på pengespelfeltet.

På avdelinga for pengespel er vi ein god gjeng på rundt 20 personar. Her er det mange slags bakgrunnar og god spreiing i alder. Vi kan med handa på hjartet seie at fleire av våre tilsette er blant dei fremste ekspertane i landet på pengespellova.

No leitar vi etter deg som kan din revisjon, som kan utfylle laget vårt. Tilsynsmetodikk og revisjonsmetodikk er ganske likt, så viss du har erfaring med revisjon er du veldig godt skodd for jobben.

Hos oss får du jobbe med risiko og vesentlegheit, men bruke dette på nye måtar. Risiko og vesentlegheit er nemleg like viktig når vi skal finne ut kva del av verksemda til Norsk Tipping vi bør kontrollere – som når du reviderer rekneskap.

For korleis undersøker speltilbydarane til dømes mistenkelege transaksjonar? Du går gjerne grundig inn i tala, og med deg på laget kan vi gjere endå spissare tilsyn når vi sjekkar at speltilbydarane følger lovene for pengespel og kvitvasking. Ein del av tilsyna vil skje ute hos tilbydarane, så du må rekne noko reising.

I tillegg til tilsyn vil du jobbe med rettleiing til spelaktørane, samt saksbehandling.

Her er det mange engasjerte og fagleg dyktige kollegaer, og vi jobbar tett for å gjere gode vurderingar i vanskelege saker. Det blir også sjølvstendig arbeid, og for å løyse oppgåvene godt legg vi vekt på at du er strukturert.

Vi søker etter deg som har ein bachelor, eller aller helst ein master, innan rekneskap og revisjon. Det er ein fordel viss du i tillegg har erfaring frå revisjonsarbeid. Du må skrive og snakke norsk svært godt.

Det skjer stadig nye ting på pengespelfeltet, og vi jobbar med mykje forskjellig. Det er rom for å tilpasse arbeidsoppgåvene til kompetansen, erfaringa og interessa du har – sett opp mot behova på avdelinga.

Kvifor skal du velje oss?

Vi veit at for å vere god på jobb, er det viktig å ha ein bra balanse mellom jobb og fritid.

Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.

Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning. Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss blir du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.

Er du klar for å bruke revisjonserfaringa di på eit nytt felt? Bidra til at færrast mogleg får problem med pengespel i Norge? Vere med på quiz i kaffibaren etter lunsj? Viss svaret på eitt eller fleire av spørsmåla er ja, vil vi gjerne høyre frå deg med ein søknad.

PS. Vite meir om jobben? Vi fortel gjerne!

Verdt å merke seg

Lønn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde