Rektor Flekke skule og barnehage -100% fast stilling

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fjaler kommune Fjaler Fulltid

Om stillinga

Då noverande rektor dessverre skal slutte søkjer vi no etter ein ny leiar til Flekke skule og barnehage. Som rektor får du ein interessant og spanande arbeidskvardag der du får høve til å nytte brei fagkompetanse i eit sterkt fagmiljø.

Vi søkjer etter ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, gjerne med kjennskap til gjeldande lover og forskrifter. Vår nye rektor vert leiar av den praktiske og økonomiske drifta, får personalansvar for dei tilsette, og har det øvste ansvaret for elevane/barna si læring og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og motivere medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats for barna og elevane si utvikling og læring
  • Vidareutvikle det pedagogiske arbeidet til beste for barna og elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Involvere og samhandle med tilsette, foreldre og barn/elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Forvalte skulen og barnehagen sine totale ressursar på best mogleg måte innan tildelte rammer

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjend pedagogisk utdanning
  • Minimum tre års praksis med pedagogisk arbeid
  • Leiarutdanning/rektorutdanning 30 stp. Kan gjennomførast seinare
  • Kjennskap til økonomi og økonomistyring er ein fordel
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Om deg

  • Tydeleg
  • Framtidsretta og utviklingsorientert
  • Handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Ein spanande og viktig jobb
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø ved ein fin skule og barnehage
  • Kommunale vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Leiarutvikling og støtte til leiarutdanning