Lavik skule er fådelt, 1-10. Det er i underkant av 50 elevar frå skulestart i august 2023 og ca 9 lærarårsverk. Skulen har SFO-tilbod.
100 % stilling som rektor er ledig frå snarast, med full administrasjonsressurs.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvarleg for fagleg og administrativ drift innanfor gjeldande rammer og lovverk
- Personal- og budsjettansvar
- Overordna ansvar for HMS-arbeidet i eininga
- Vere støtte, bidragsytar og pådrivar i tverrfagleg samarbeid med oppvekst, helse og barnevern
- Sørge for fagleg utvikling
- Stillinga inngår i kommunen sitt skulefaglege leiarforum
Kvalifikasjonar:
- Undervisningskompetanse til å arbeide i grunnskulen
- God innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
- Kunnskap om økonomistyring, personalforvaltning, sakshandsaming
- Leiarerfaring
- God digital kompetanse
- Søkjarar må vere villige til å ta leiarutdanning retta mot skule, dersom dette manglar
Personlege eigenskapar:
- Tydeleg som leiar
- Kommuniserer godt, både internt og mot føresette
- Serviceinnstilt og løysingsorientert
Vi kan tilby:
- Interessante og spennande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav om politiattest for den som blir tilsett.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova