Rekneskapsansvarleg Bilde

Vil du vere med å forme utviklinga av Enivest?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rekneskapsansvarleg Enivest Sunnfjord Fulltid
Enivest Logo

Enivest

Firdavegen 5, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Daniel Dvergsdal
90 47 94 70

Søknadsfrist

11. august 2024 Søk på stillinga her

Vi ser etter deg som vert motivert av tal, er løysingsorientert, og som ser verdien i å oppretthalde høg kvalitet og nøyaktigheit i alt du gjer. Du ønskjer å levere presis beslutningsstøtte for drift og leiing gjennom korrekt perioderekneskap, prognosar, såvel budsjett- og kostnadsanalysar. Du har evne til å analysere komplekse økonomiske data, identifisere strategiske moglegheiter, og på den måten bidra til at Enivest får betre innsikt.

Innsiktsavdelinga i Enivest er ei utviding av den tradisjonelle økonomiavdelinga, der vi søkjer etter å samhandle med resten av verdikjeda i større grad. Som rekneskapsansvarleg i Enivest vil du ha det faglege ansvaret for rekneskap, skatt og avgift, samt eit kontinuerleg fokus på å sikre god internkontroll. Vi ser etter deg som kan automatisere prosessar og drive kontinuerleg forbetringsarbeid saman med oss, for å vidareutvikle og effektivisere ei moderne innsiktsavdeling i eit selskap i vekst. 

Du vil spele ei nøkkelrolle i at Enivest skal oppnå sine strategiske mål gjennom god økonomisk kontroll, og presis rekneskapsførsel. 

Arbeidsoppgåver og ansvarsområder:

Som rekneskapsansvarleg vil du ha det daglege ansvaret for rekneskapsavdelinga, med fokus på å sikre høg kvalitet, internkontroll og beste praksis i rekneskapsprosessar, periodeavslutningar og årsoppgjer. Du vil vere ein pådrivar for å digitalisere, effektivisere, forbetre og utvikle rekneskapsprosessane i Enivest. 


Dine hovudoppgåver vil inkludere:

  • Utarbeiding av månads- og kvartalsrapportering
  • Totalansvar for årsoppgjersprosessen, inkludert kontakt med revisor
  • Vere sparringspartnar for CFO og leiargruppa
  • Handtering av skattemelding og Maestro
  • Bidra til å forvalte eit velfungerande grensesnitt mellom rekneskapsavdelinga og andre relevante avdelingar


Du vil også vere ansvarleg for ekstern rapportering, forbetringsprosjekt og bistand i problemstillingar knytt til rekneskapsområdet, samt budsjettering, prognosearbeid og likviditetsstyring. I tillegg vil du ha overordna ansvar for prosessane knytt til fakturering og inkasso, som vi i dag held på å automatisere.

Ynskja kvalifikasjoner:

  • økonomisk utdanning - siviløkonom/master/MRR eller liknande
  • minimum 5 års erfaring frå rekneskap, revisjon, og eller frå annan relevant arbeid
  • sterk kompetanse innan rekneskap (NGAAP), skatt og avgift
  • god system- og prosessforståing med interesse for digitale løysingar
  • god muntlig og skriftlig fremstillingsevne
  • generelt gode IT-kunnskaper, god erfaring med Excel og gjerne PowerBI eller tilsvarende
  • fordel med kjennskap til IFRS
  • fordel med erfaring frå eigenkapitaltransaksjonar

Det viktigaste er ikkje kva du har gjort tidlegare, men kven du er. Ikkje nøl med å søke sjølv om du ikkje treff på alle punkt, det gjer ikkje vi heller.

Som person er du positiv, initiativrik, målretta og har god gjennomføringsevne. Du er samarbeidsorientert, har gode mellommenneskelege eigenskapar, og er opptatt av å fremme eit godt arbeidsmiljø. Du trivst med å halde oversikt, omstille deg raskt, og prioritere effektivt.

Bli ein del av Enivest

Hos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit framoverlent miljø med fagleg dyktige kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette, og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområder.

Vidare kan vi tilby konkurransedyktig løn og vilkår, inkludert gode pensjons- og forsikringsordningar, samt kollektiv bonusordning. Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivit og bulyst i distriktet, samt leggje til rette for regional vekst og verdiskaping.

I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptatt av å legge til rette for at våre tilsette skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.

Stillinga rapporterar til CFO, og arbeidsstaden vil vere på vårt kontor i Førde, med moglegheit for fleksible løysingar.

For ytterligare informasjon kan du kontakte Partner/Rådgjevar i Visere AS; Daniel Dvergsdal på tlf. 904 79 470, eller Bjørn Alsterberg på tlf: 913 34 865.

Om arbeidsgiveren

Elektroniske kommunikasjonsnett er grunnmuren i det digitaliserte samfunnet, og Enivest er ein del av den. Selskapet vart skipa i år 2000, og er i dag ein leiande aktør på nordvestlandet. Vi leverer breiband basert på fiber til i overkant av 28.000 privatkundar og 2.000 bedriftslinjer. I tillegg til breiband leverer vi tenester som TV- og strøymetenester frå Telia, samt telefoni- og WiFi-løysingar til både privat- og bedriftskundar. Vi er 60 tilsette med tyngda fordelt på hovudkontoret i Førde, og ved avdelingskontora på Etne, Tysnes, Florø, Sandane, Stryn og i Sogndal. Sjå meir om Enivest på nettstaden vår: www.enivest.no.

  • Sektor:Privat
  • Lederkategori:Fagleder
  • Sted:Firdavegen 5, 6800 Førde
  • Bransje:Bank, finans og forsikring, IT, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon:Revisjon og kontroll, Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Controller