Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjaler kommune | Fjaler | Fulltid |
Reinhaldssentralen har no ledig ei 60 % vikarstilling i perioden 01.06.2025 til 01.08.2026. Vi ser etter deg som liker å jobbe med reinhaldsoppgåver, som er nøyaktig og har eit auge for detaljar. Arbeidsstad er kommunale bygg i Dale. Stillinga har arbeidstid tre dagar i veka på dagtid med start kl. 06.00, eventuell oppstart kl. 07.00 etter avtale.
Vi ser også etter deg som kan tenkje deg og vere tilkallingsvikar hos oss. Skriv gjerne i søknaden om du søkjer på vikariat eller som tilkallingsvikar.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.