Vestland fylkeskommune Hovedbilde

Har du lyst til å vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgjevar/spesialkonsulent Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Hege Osebakken, fagleiar
Telefon: 92816296

Søknadsfrist

3. september 2023 Søk på stillinga her

Vi søkjer deg som er systematisk, løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, og som vil vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland.
Vestland fylkeskommune skal gje ungdom og vaksne vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Den vidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod. Fullføringsreforma skal bidra til at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krav i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan oppdatere sin kompetanse gjennom hele livet. Vestland fylkeskommune skal gje elevar, læringar og vaksne vidaregåande opplæring som er prega av meistring, motivasjon og læring som gjev relevant kompetanse til vidare utdanning og arbeid.

Kvar dag får 30 000 ungdommar og vaksne opplæring i skule og bedrift. Fylket har 43 vidaregåande skular, 2 fagskular, produksjonsskule og folkehøgskule, vi er omlag 5000 tilsette og vårt årlege driftsbudsjett er på omlag 3,4 mrd. Når ungdom og vaksne søker skuleplass eller skal ut i lære, er det seksjon inntak, forvaltning og sluttvurdering som handterer dette. Seksjonen administrerer alt inntak til vidaregåande opplæring, har ansvar for lærekontraktar og godkjenning av lærebedrifter og opplæringskontor. Seksjonen har òg ansvar for eksamen og fag-/sveineprøvar og forvaltar dokumentasjon som vitnemål, kompetansebevis og fag-/sveinebrev.

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse har ledig stilling som rådgjevar/spesialkonsulent ved seksjon for inntak forvalting og sluttvurdering. Stillinga er knytt til forvaltningsfeltet, arbeid med inntak til vidaregåande opplæring.

Arbeidsoppgåver

  • inntak og sakshandsaming til vidaregåande opplæring
  • inntak og sakshandsaming av søkjarar med rett til individuell vurdering, spesialundervisning og fortrinnsrett
  • oppfølging og sakshandsaming knytt til minoritetsspråklege søkjarar
  • samhandling med Rettleiingstenesta, dei vidaregåande skulane og kommunane
  • oppfølging av skuleadministrative system, sakshandsaming
  • rutineutvikling og informasjonsarbeid
  • andre oppgåver kan bli aktuelle.

Kvalifikasjonar

  • bachelor- eller mastergrad frå universitet eller høgskule i relevante fag som til dømes pedagogikk, spesialpedagogikk
    kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
  • kjennskap til vidaregåande opplæring, yrkesopplæring, opplæringslova og forskrifter
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • god administrativ IT-kompetanse og systemforståing
  • kjennskap til sakshandsamingssystem som Vigo og Elements er ei føremon
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Du er:

  • lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • analytisk og viser god systemforståing
  • inkluderande og byggjer gode relasjonar
  • utviklingsorientert
  • serviceinnstilt
  • engasjert og har evne til å motivere
  • sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team
  • personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit spennande og breitt fagleg godt arbeidsfellesskap
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsfellesskap.
  • Stillingsnemning konsulent/rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Seksjonen har kontorstad i Bergen, Førde, Leikanger og på Stord.
Denne stillinga kan ha kontorstad i Bergen, Førde eller Leikanger