Vestland fylkeskommune Hovedbilde

Vil du ta fatt på spennande og samfunnsnyttige oppdrag innan sikkerheit?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgjevar/seniorrådgjevar ROS Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Sondre Lekve Bjelle Fagkoordinator for sikkerheit og beredskap
915 73 532

Søknadsfrist

1. mai 2024 Søk på stillinga her

Interesse for fagområda sikkerheit og digitalisering? Er du ein pådrivar for at sikkerheit er integrert med utvikling av digitale tenester? Vil du vere med å vidareutvikle korleis vi jobbar med risikobasert utvikling? Vi søker deg som har erfaring og kompetanse frå arbeid med sikkerheit, risikovurdering og bygging av sikkerheitskultur.

Saman med dei som har fagkunnskap innan IKT sikkerheit, beredskap og personvern, vil du få jobbe sektorovergripande, i tillegg til å jobbe inn mot seksjonane IKT og digitalisering. Som rådgjevar/seniorrådgjevar innan risiko- og sårbarheitsvurdering vil du få varierte og utfordrande oppgåver, ansvar på ein spanande arbeidsplass og vere med å bygge opp eit nytt sikkerheitsteam i Vestland fylkeskommune. Vi legg stor vekt på samhandling og samarbeid på tvers i organisasjonen.

Stillinga er fast, er i seksjon sikkerheit og støttetenester, i avdeling for IKT og digitalisering. Seksjonen er organisatorisk plassert i avdeling for IKT og digitalisering, og har avdelingsansvar for HR, økonomi, internkontroll, beredskap, personvern, prosjektleiing, IKT sikkerheit og dokumentasjonsforvaltning.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre og følgje opp tekniske ROS-vurderingar
  • Utarbeide og følge opp arbeidet med verdivurderingar i avdelingane
  • Rettleie avdelingar i deira arbeid med ROS-analysar og modenheitsanalyser
  • Vidareutvikle og etablere rutinar for IKT sikkerheit
  • Oppfølging av den risikobaserte internkontrollen i fylkeskommunen, for å sikre at lover og forskrifter vert
    følgt
  • Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar
  • Fleire oppgåver innan fagområdet kan bli lagt til stillinga ved behov

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan informasjonssikkerheit, IT, sikkerheit/samfunnssikkerheit og/eller administrative fag. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • God kjennskap til informasjonssikring

Det er ein fordel med:

  • Relevant erfaring frå stillinga sine arbeidsoppgåver
  • Fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT sikkerheit
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kjennskap til sikkerheitslova
  • Kjennskap til personvernforordninga
  • Kunnskap om og/eller erfaring frå offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, planmessig og strukturert
  • Evne til å behalde ro og oversikt i periodar med stor aktivitet
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og oppteken av å dele kunnskap med andre
  • Løysings- og resultatorientert
  • Analytisk og strategisk tilnærming til problemløysing

Kvifor skal du velge oss?

Hos oss får du faglege utfordringar og personleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Vi har rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid.

Vi er IA-bedrift med gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Fleksibel arbeidstid.

Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Verdt å merke seg
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.

Stillingsnemning vert spesialkonsulent/ingeniør/rådgjevar/seniorrådgjevar eller spesialkonsulent fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og erfaring.

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk. Arbeidsplass på Leikanger i friluftseldoradoet Sogn.

Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Sondre Lekve Bjelle , Fagkoordinator for sikkerheit og beredskap, 915 73 532
John Arne Lillestøl, Seksjonssjef , 930 24 959

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger