Luster kommune Hovedbilde

Rådgjevar NAV

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

Om stillinga

NAV Luster har ledig vikariat i 100 % stilling fram til 31.12.2023, med gode utsikter til fast tilsetjing. Du må kunne utføre oppgåver med utstrekt brukarkontakt og oppsøkjande arbeid. Vi treng ein medarbeidar som kan bygge gode relasjonar, samarbeide, motivere og finne løysingar til det beste for menneske i omstilling. Du må ha evne til å sjå mennesket i eit heilskapeleg perspektiv og bidra til at fleire skal få ta del i arbeidslivet. Vi søkjer etter deg som er engasjert, har ei positiv innstilling og stort pågangsmot!
Luster kommune har 5 189 innbyggarar og ligg der Europas lengste fjord, Sognefjorden, møter dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Luster kommune er ein av dei største kommunane i Sør Noreg, med sine 2700 km2. NAV Luster har omlag 14 tilsette fordelt på statlege og kommunale oppgåver, samt flyktningteneste og vaksenopplæring. Vi er eitt av seks NAV kontor i region Sogn. Nav Luster legg vekt på samarbeid med andre for å vidareutvikle tenestene til innbyggjarar og arbeidsgjevarar.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapeleg oppfølging og rettleiing med fokus på arbeid, meistring og inkludering i arbeidslivet
  • Utføre oppgåver i team både lokalt og med tilsette frå andre NAV kontor
  • Kartlegge og avklare personen sine ressursar, samt motivere for arbeid og aktivitet
  • Bruke relevant regelverk i rettleiing og sakshandsaming
  • Knytte kontakt og oppretthalde gode samarbeidsrelasjonar med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnerar både internt og eksternt
  • Sakshandsaming innafor statlege og kommunale fagområde, både lokalt og regionalt
  • Arbeidsoppgåvene kan verte endra etter behov i tenesta.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet, helst innan helse/sosialfag, pedagogikk eller samfunnsfag.
  • relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring med å rettleie og motivere mennesker
  • kunnskap om sakshandsaming
  • god skriftleg- og munnleg framstillingsevne
  • gode digitale ferdigheiter


Det er ønskeleg at du har:

  • kunnskap om arbeidsmarknaden, og kjennskap til næringslivet i regionen
  • innblikk og forståing av Lean-metodikk
  • førarkort klasse B.

Om deg

Vi ser etter deg som er tillitsskapande og trygg, og som:

  • arbeider målretta, systematisk og effektivt, både i team og sjølvstendig
  • er fleksibel, løysingsorientert og engasjert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • alltid møte menneske med respekt

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver i eit felleskap med mykje komptanse på kvalifisering og integrering.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Luster kommune Kulturbilde