Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Luster kommune | Luster | Fulltid |
Det er ledig stilling som rådgjevar med oppgåver som i hovudsak vil vera knytta til landbruksnæringa i Luster kommune.
Arbeid med forvaltningssaker, søknads-/tilskotsordningar og utviklingsoppgåver vil vera sentrale i stillinga.
Stillinga inngår i avdeling for landbruk/natur og næring og i eininga for forvaltning og utvikling i kommunen. Me har her eit gåande utviklingsarbeid som tilseier at organisering og oppgåver er gjenstand for drøfting og ev endringar.
Luster kommune er ein stor landbrukskommune med gode tilhøve for hagebruk, husdyrnæringane, skog og utmarksnæring. Landbruksnæringa er i endring og utvikling som vil få utfordrande oppgåver som skal handsamast og forvaltast dei neste åra. Kommunen vil aktivt delta i dette arbeidet med satsing på landbruksnæringa.
Me søkjer deg som fortrinnsvis: