Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar landbruk | Sunnfjord kommune | Sunnfjord | Fulltid |
Eininga landbruk og miljø har ansvar for fagfelta landbruk, klima og miljø. Vi er 9 faste tilsette. Vi er primært lokalisert til Sunnfjord rådhus i Førde, men har også høve til å jobbe frå servicetorga på Sande, Skei og i Naustdal. Vi har godt arbeidsmiljø og tilsette med brei fagleg bakgrunn innanfor landbruk, klima og miljøforvalting.
Vi har ledig vikariat som rådgjevar for landbruk i 100% stilling
Stillinga er ledig frå medio januar 2022 til medio oktober 2023, med mogeleg forlenging.
Vi søker primært etter deg som har/ønsker erfaring med forvalting av jord- og konsesjonslova. Innan fagområdet vil du samarbeide tett med tilsette ved eininga Areal og byggesak. Noko tilskotsforvalting og GIS er også aktuelt i vikariatet.
Oppgåver knytt til skogbruk og viltforvalting kan vere aktuelt dersom vi ikkje får søkarar som har høveleg kompetanse innan forvalting av jord- og konsesjonslov.