Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar Digitalisering og Utvikling, IKT Nordfjord | Kinn kommune | Kinn | Fulltid |
Vi har ledig fast stilling (100%) som rådgjevar Digitalisering og Utvikling i IKT Nordfjord, eining Nordfjordnett, med tilsetjing så snart som mogleg.
Kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn samarbeider om utvikling og drift av digitale tenester. Samarbeidet omfattar driftseininga Nordfjordnett som er lokalisert i Måløy og Strategisk eining som er lokalisert på Nordfjordeid. Samarbeidet er organisert som eit oppgåvefellesskap med eige styre og representantskap.
IKT Nordfjord skal legge til rette for digitalisering i samarbeidskommunane- saman med kommunane. IKT Nordfjord sitt overordna mål er å tilby eit heilskapleg digitalt tilbod til brukarar, tilsette og innbyggarar gjennom tenleg bruk av tidsrette løysingar og verktøy.
Det er eit tett samarbeid mellom dei to einingane for å sikre heilskaplege og trygge tenester på alle nivå innan digitalisering og utvikling. IKT Nordfjord som tenesteytar skal vere oppdatert på felleskomponentane og leverandørmarknaden og er kommunane sin rådgjevar innanfor digitalisering og informasjonstryggleik. IKT Nordfjord er kontraktspart, driv porteføljestyring og er budsjettansvarlege for fagsystem og applikasjonar i samarbeidet.
Vi søkjer ein kunnskapsrik, engasjert og omgjengeleg person som skal bidra til at innbyggarar og tilsette får betre digitale løysingar. Rådgjevar for Digitalisering og Utvikling må kunne vise gjennomføringskraft og kunne skape gode relasjonar.
Stillinga er lokalisert i Måløy saman med driftseininga. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret. Alternativ arbeidsplass kan avtalast ved nærmare avtale.
· Økonomioppgåver - fakturabehandling, budsjettarbeid med meir
· Prosjektarbeid - prosjektleiing, prosjektdeltaking og generell prosjektstøtte/-rådgjeving
· Leverandøroppfølging- avtaleforvalting og oppfølging av leveransar
· Vere oppdatert på dagens og framtidas løysingar og teknologitrendar
· Delegerte oppgåver etter nærare avtale med dagleg leiar
· Du har relevant høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
· Du har god digital forståing og forståing for samanhengen mellom teknologi, organisasjon og menneske
· Du har god organisasjons- og systemforståing
· Du har erfaring med strategisk arbeid og prosjektarbeid
· Du har god kunnskap om kommunal sektor og tenesteinnovasjon
· Du har god munnleg og skriftleg formidlingsevne
· Du har god erfaring knytt til dialog og oppfølging av leverandørar
· Du har gode kommunikasjonsevner
· Du har evne til å skape tillit, skape relasjonar og få til samarbeid
· Du er strukturert og målretta i arbeidet
· Du er resultatorientert og tolmodig
· Du er initiativrik, sjølvstendig og motiverande
Bent Eikeberg, Daglig leiar, 95091188, bent.eikeberg@iktnordfjord.no