Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar berekraft | Sogn og Fjordane Energi | Gloppen | Fulltid |
Å sikre berekraftige løysingar, og bidra i kampen mot dei store klimautfordringane, er berebjelkar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) si verksemd. Vi jobbar kvar dag med å skape den fornybare framtida - ein jobb som gir meining.
SFE byggjer på ei 100 år lang historie som vasskraftprodusent, og har bygd seg opp som ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Vi er lokalisert midt i hjartet av Norges fremste region for fornybarressursar, og hentar krafta vår frå vatn og vind, samt våre 100 engasjerte og dyktige medarbeidarar. Vi er eit selskap med høg aktivitet og i positiv utvikling, og ein aktiv bidragsytar til det grøne skiftet.
Vi ser no etter ein ny rådgjevar innan berekraft.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
Du har:
Vi ønskjer ein medarbeidar som har noko erfaring innan kunde-/leverandørkontakt knytt til vurdering av berekraftkriterier i anbod og innkjøp. Kjennskap til energibransjen er dessutan ein fordel.
Du er:
Vi søker deg med gode relasjonelle evner, som kan samarbeide på tvers av fag og avdelingar/selskap og kommunisere godt på norsk både skriftleg og munnleg. Gode engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg er og ein fordel. Du er ein pådrivar, med evne og vilje til å formidle og dele kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Stillinga vert knytt til "team berekraft" med rapportering til teamleiar som også har personalansvaret.
Arbeidsstad: Fortrinnsvis Sandane, men vi er gjerne fleksible om du er den rette kandidaten
Søknadsfrist: 10. september
Kontaktperson:
Ragna Flatla Haugland
Teamleiar Berekraft
930 06 650