Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Rådgjevar berekraft

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Gloppen Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jannicke Lindvik
90573077

Søknadsfrist

20. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

SFE Produksjon er ein av dei leiande fornybarprodusentane på Vestlandet, og er i ei positiv utvikling, og har fleire nye og spanande utbyggingsprosjekt som skal bidra til det grøne skiftet.

Vi har stort fokus på systemutvikling og digitalisering av vår kraftproduksjon, for slik å kunne hjelpe samfunnet med eit stadig aukande behov for fornybar energi. Produksjon er selskapet som driv utbygging, rehabilitering, drift og vedlikehald, samt forvaltning av, den fornybare kraftproduksjonen i energikonsernet SFE.

Verda treng fornybar energi for å løyse dei store klimautfordringane.

Som tilsett hos oss ser du med på laget for å skape den fornybare framtida, og vere ein aktiv bidragsytar til selskapet sitt målretta arbeid med klimanøytralitet og berekraft.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å identifisere og konkretisere kriterier og målparametre som grunnlag for selskapet sitt klima- og berekraftarbeid.
  • Kartlegge, vurdere og bidra til å etablere tiltak, samt sikre at selskapet leverer på våre målsettingar innan klima- og berekraftsområdet
  • Vere pådrivar og bistå i arbeidet med å implementere selskapet sitt berekraftstarbeid internt
  • Rapportering i høve berekraft, klima og miljø

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning innan berekraft, klima, miljø, energi, naturvitenskap eller teknologi
  • Du har gjerne erfaring innan fagområdet, og særleg interesse for å bidra i rett retning for berekraftsarbeidet.
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

Om deg

  • Samarbeidsorientert, kommuniserer godt med andre og er den gode lagspelaren
  • Utviklingsorientert og kreativ
  • Strukturert og arbeider målretta

Vi tilbyr

  • 100% stilling, Fleksibel arbeidstid, konkurransedyktige vilkår
  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvarlegheit og nyskaping
  • Et stadig aukande mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn
  • Meiningsfull jobb innanfor fornybarnæringa
  • Gode offentlege tenester og ei mengde lokale tilbod innan kultur, sport og fritidsaktivitetar.
  • Gode transport forbindelsar med bil, buss og den lokale flyplassen.
  • www.nordfjord.no www.nordfjordaktiv.no
Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde