Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar og lokal verdiskaping står i sentrum. Me har bedriftskundar innanfor fleire ulike bransjar og med tilhaldsstad både i Sogn og i andre delar av landet. No søker me ein engasjert rådgjevar til bedriftsmarknaden som ynskjer å bidra til banken sin vidare vekst, og samstundes kan vere ein god sparringspartnar for nye og eksisterande kundar.
Som bedriftsrådgjevar i Luster Sparebank vil du få ansvar for eiga kundeportefølje og arbeide med:
- Rådgjeving og sal av banken sine produkt og tenester til eksisterande og nye kundar
- Kredittvurderingar og presentasjon av kredittsaker
- Relasjonsbygging og aktivt arbeid mot eksisterande og nye kundar
- Samarbeid med andre fagmiljø i banken for å sikre heilskaplege kundeløysingar
- Rolla gir ein variert arbeidskvardag og tett kontakt med næringslivet der du blir godt kjend med ulike bransjar og problemstillingar.
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Me ser etter deg som har:
- Relevant høgare utdanning innan økonomi eller liknande
- God forretningsforståing
- Erfaring frå bank/finans, rekneskap, revisjon eller liknande er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Me ser etter ein relasjonsorientert og strukturert person som:
- Har sterke analytiske ferdigheiter
- Har gode samarbeidsevner og skapar tillit hjå kundar
- Er initiativrik og løysingsorientert
- Trivst med kundekontakt og nettverksbygging
Me kan tilby
- Ei sentral rolle i ein solid og lokal sparebank med sterke ambisjonar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og godt samhald
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår, fleksitid og gode velferdsordningar