Vil du vere med å skape eit framtidsretta og nyskapande Vestland? Vestland fylkeskommune har mål om auka verdiskaping, nye grøne arbeidsplassar og god innovasjonsinfrastruktur i heile fylket. Som rådgjevar skal du bidra med løysingar for å nå desse måla. Vi skal byggje vidare på kompetanse og ressursar i regionen for å utvikle eit variert og berekraftig næringsliv. Oppgåvene i stillinga omfattar brei kontakt med innovasjonsøkosystemet og våre samarbeidspartnarar i heile Vestland.
Arbeidsoppgåver
- Identifisere og mobilisere ressursar og partnarskap for å styrke innovasjonsøkosystemet i fylket
- Delta i og utvikle prosjekt og større satsingar
- Planlegge og gjennomføre møte og samarbeidsarenaer
- Saksbehandling og prosjektvurdering
- Analysearbeid
- Skrive politiske saker, rapportar og andre tekstar
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurdert for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar.
- God fagkompetanse om innovasjon og næringsutvikling
- Relevant arbeidserfaring
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Strategiske evner
Det er ein fordel med:
- Kunnskap om innovasjonsøkosystemet i Vestland
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som:
- er ryddig og systematisk med god gjennomføringsevne og evne til handtere komplekse prosesser og oppgåver på ein strukturert måte
- er sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik
- er ein lagspelar som initierer samarbeid og relasjonar
- utviklar og delar kompetanse, kunnskap og erfaringar
- er opptatt av rolla som samfunnsbyggar
- har fagleg autoritet og varme
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Kontorstaden er fylkeshuset i Leikanger og/eller Vestlandshuset i Bergen
Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.