
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Rådgivar/seniorrådgivar – jurist | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Fulltid |

Vi gjer det enkelt å drive frivilligheit i Norge. Lotteri- og stiftelsestilsynet er på utkikk etter ein rådgivar/seniorrådgivar jurist til vikariat i perioden 01.01– 31.12.2026 på vår avdeling for frivilligheitsstøtte.
Kven er vi? I 2023 delte vi ut rundt 4,4 milliardar kroner gjennom tilskotsordningane våre. Med andre ord er det vi som deler ut mest pengar til frivillig sektor i Norge. Vi får oppdraga våre frå Kultur- og likestillingsdepartementet, og avdelinga vår har ansvar for mange og varierte oppgåver innanfor tilskotsforvaltning og frivillig sektor.
Hos oss får du eit meiningsfylt samfunnsoppdrag, varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer innanfor juss, økonomi og samfunnsvitskap.
Heile Lotteri- og stiftelsestilsynet er rundt 90 tilsette, og på vår avdeling er vi ein gjeng på 20. Totalt på huset er det over 25 juristar, så du blir ein del av det største juristmiljøet i regionen. Vil du bli med på laget? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Vi forvaltar store tilskotsordningar, og fører kontroll med desse. I tillegg har vi tilsyn med grasrotandelen frå Norsk Tipping, og vi driftar tilskudd.no. Det gir oss unik innsikt om frivillig sektor, som vi brukar til å gjere det enklare å drive frivilligheit i Norge.
Vi jobbar med fleire tiltak i prosjektet «Starte og drive en frivillig organisasjon» som er ein del av regjeringa sin digitaliseringsstrategi. Her jobbar vi mellom anna med tiltak for deling og gjenbruk av data. For å lukkast må vi samarbeide godt med frivillig sektor, andre tilskotsforvaltarar og statlege organisasjonar.
Vi jobbar òg med rettleiing til søkarane våre, lov- og forskriftsarbeid, utvikling av brukarvennlege løysingar, saksbehandling og tilsyn. Du vil få varierte oppgåver innanfor tilskotsforvaltning og frivillig sektor. Oppgåvene dine blir tilpassa kompetansen og erfaringa di, sett opp mot behova på avdelinga.
For å søke må du ha utdanning innanfor rettsvitskap på masternivå. Vi har mange juridiske problemstillinger som vi treng deg til å vere med å løyse, til dømes sakshandsaming eller regelverksarbeid. Du må difor gjere deg enkelt forstått både for kollegaer og brukarane du jobbar med, og for å løyse oppgåvene må du skrive godt. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, vil dermed vektleggast.
Vi jobbar mykje med rekneskap og digitalisering, så det er ein fordel om du har interesse for dette. For å løyse oppgåvene i jobben bør du vere strukturert og tenke heilskapleg. Evne til å kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre blir vektlagt.
Det er òg ein fordel om du har jobba med eller har forståing for sakshandsaming, i tillegg til erfaring frå kunde- eller brukerdialog. Viss du ikkje har det lærar vi deg opp. Vi opnar for at nyutdanna kan søke – kanskje er dette din første jobb etter fullført utdanning?
Synest du dette høyrest fristande ut? Lurer du på noko? Ta kontakt med seniorrådgivar Marianne Alværen Torset.
Her får du ein spennande, utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø – samtidig som du får ein god balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning.
Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.
Løn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364.
Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
