
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Rådgivar | Sogndal kommune | Sogndal | Fulltid |

Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Kommunen har litt over 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1300 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr.
Om stillinga
Har du lyst til å bidra til at Sogndal kommune er ein profesjonell og attraktiv arbeidsgivar? Har du erfaring med å gi råd til leiarar? Har du god kunnskap om lov og avtaleverk for offentleg sektor? Er du interessert i å vidareutvikle personal- og organisasjonsprosessar og ha eit strategisk blikk på arbeidet ditt? I så fall håpar me du søker på stilling hjå oss!
Rådgjevar i personal- og organisasjonsutvikling vil bistå tilsette og leiarar med råd og støtte innan bla. fagområda lov- og avtaleverk, utviklingsprosessar og rekruttering, slik at dei når sine verksemdsmål og prioriterte planar.
Arbeidet omfattar rådgiving og leiarstøtte.
Sogndal kommune er opptekne av å vidareutvikle eigen organisasjon. Som rådgjevar vil du inngå i ei avdeling på 17 tilsette og rapportere til leiar for personal- og organisasjonsutvikling.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
Personlege eigenskapar:
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga til stillinga.
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Send søknad