Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
PwC søkjar nyutdannende til Revisjon med oppstart hausten 2025 | PwC | Sunnfjord, Bergen, Sogndal, Stryn | Fulltid |
Er du nyutdanna og på jakt etter ein jobb som gir deg mange moglegheiter? Hos oss kan du vekse fagleg og personleg i eit miljø som er skapt for utvikling, som gjer deg verkeleg god på det du vil bli. Vi samarbeider kvar dag for å løysa viktige problem for våre kundar, kor du kjem tett på leiarar og andre beslutningstakarar i næringslivet. Allereie det første året hos oss får du ein stor variasjon av kundeoppdrag og oppgåver. Vi er også ein gjeng som er glad i å skapa opplevingar saman. Bli med på alt frå fjellturar, surfecamp, yoga, løping, klatring og mykje meir. Vi meiner vi skapar dei beste resultata når vi har det gøy saman!
Kva jobbar vi eigentleg med i revisjon?
Som revisor i PwC har vi eit viktig samfunnsoppdrag. Vi bidrar til å skapa tillit til finansiell rapportering, noko som er avgjerande for ein velfungerande økonomi. Vi er i ein spennande endringsfase, der vi stadig utvikler nye verktøy og tar i bruk kunstig intelligens og robotteknologi. Dette har styrka vår rolle som tillitsleverandør, og vi utnyttar vår spisskompetanse innan tolking og kvalitetssjekk av data. Til dette så treng vi menneske som tenker nytt og tør å utfordre.
Som Associate i Trust Solutions i PwC vil du få moglegheit til å vere med på alt frå spennande kundemøter, bærekraftsrapportering (ESG), kundebesøk og revisjon av ein rekke av Norges største bedrifter. Du vil arbeide i større og mindre team og ha direkte kontakt med kunden, kor du vil bistå med din kunnskap for å avdekke og forbetre forhold ved kundens regnskapsrapportering, internkontroll og mykje meir. Du vil også få delta på spennande kurs på tvers av kontora, og etter kvart bli tildelt ansvar for opplæring og oppfølging av nyansatte hos oss.
Er vi ein god match?
Fullfører du bachelor eller master innan finans, økonomi, rekneskap eller revisjon og er nysgjerrig og har eit ønskje om å lære? Har du god tall- og forretningsforståing, analytiske ferdigheiter, er løysingsorientert og strukturert? Liker du å samarbeide med andre og evner å bygge relasjonar? Då kan PwC vere staden for deg!
Fire gode grunnar til å velje ein jobb i PwC
Er du klar for ein draumestart på din karriere? Då ser vi fram til å høyre frå deg!
Praktisk informasjon
For at vi skal kunne vurdere om vi er ein god match, må du laste opp CV, relevante vitnemål og karakterutskrifter i PDF-format. Har du studert i utlandet, legg ved forklaring på karakterskala. Du kan gjere endringar på søknaden din ved å logge deg inn på din profil i vår stillingsportal.
Søknadsfrist er søndag 18. august klokka 23:59. Som del av søknaden bes du gjennomføre tre tester med frist for gjennomføring mandag 19. august klokka 09:00. Merk at vi berre behandlar søknader der alle testane er fullført. Hugs å sjekke spamfilteret/søppelpost.
Dersom du går vidare til intervju, ønskjer vi å gjere deg merksam på at du kan bli kalla inn til intervju på kort varsel. Vår rekrutteringsprosess foregår på ein dag kor vi skal bli betre kjent, vi med deg og du med oss, gjennom dybdeintervju og caseløysing. Undervegs i prosessen vil du ha god støtte frå våre buddyer som saman med resten av PwC ønskjer at du skal ha ei god oppleving.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
*Som ein del av vår rekrutteringsprosess vil vi utføre bakgrunnssjekk ved signering av kontrakt. **For å ivareta ditt personvern bes du søke og laste opp dokumenter via systemet, og ikkje direkte til kontaktpersonen(e) oppført i denne annonsen.