
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Prosjektutviklar kraftproduksjon | Sogn og Fjordane Energi | Gloppen, Bremanger, Sogndal, Høyanger | Fulltid |

Noreg er avhengig av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Vi skaper den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt.
Vi satsar ambisiøst på ny fornybar kraftproduksjon og søkjer inntil to personar for å styrke laget vårt innan utvikling og bygging av nye vind- og vasskraftverkprosjekt.
Som prosjektutviklar i SFE får du ei sentral rolle i utviklinga av nye kraftverk – frå tidleg fase og konsesjonsprosessar til realisering og bygging. Prosjekta våre går over fleire år og krev både fagleg styrke, tolmod og evne til å stå i komplekse prosessar over tid.
Det er ein fordel om du har erfaring med kraftutbygging og både prosjektutvikling og prosjektleiing er relevant. Du har evne til å bygge relasjonar og skape tillit hos våre interessentar – som er både myndigheiter, politikarar, lokalsamfunn, grunneigarar, leverandørar og ulike samarbeidspartnarar. Du er god på både munnleg og skriftleg kommunikasjon og evner å sjå ei sak frå fleire sider.
Du har høgare utdanning og sterke analytiske evner, og bør ha innsikt i konsesjonsprosessar, plan- og bygningslov og miljøkrav. Vi set også pris på at du kan samarbeide tett med både tekniske, juridiske og økonomiske fagmiljø, samtidig som du er trygg i deg sjølvog kan jobbe sjølvstendig og målretta innafor dine ansvarsområde. Er du initiativrik og har gjennomføringskraft er vi spent på å bli nærmare kjent med deg!
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsstad kan vere ved hovudkontoret på Sandane, eller ved eitt av våre kraftverksanlegg i Svelgen, Ålfoten eller Mel.
Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknadsfrist er 31. januar, men vi er på jakt etter folk løpande og gjer vurdering av kandidatar undervegs. Er du interessert, ikkje nøl med å sende din søknad!
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Arild Bruland 911 09 397 eller Lars Johan Sivertsen 481 44 328.
