Prosjektleiar regionalnett Bilde

Ønskjer du nye utfordringar og jobbe med fornybar energi?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Prosjektleiar regionalnett Sognekraft AS Bergen Fulltid
Sognekraft AS Logo

Sognekraft AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Helge Morten Vangen
48217260

Søknadsfrist

2. januar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi har for tida høg aktivitet med nettutviklingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå, som er grunnlaget for framtidig smart infrastruktur i Sogn. Vi søkjer engasjert og dyktig elkraftingeniør som skal leie nettutviklingsprosjekt for spenningar frå 22 kV opp til 132 kV innanfor anleggstypane stasjonsanlegg og kraftliner.
Som ein av 13 prosjektleiarar i seksjon Nettutvikling, vil du vere med i eit dynamisk team og utvikle smart nettinfrastruktur som digitaliserer og elektrifiserer Noreg.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til gjennomføring av Sygnirs nettutviklingsprosjekt for å leggje til rette for utvikling, elektrifisering og meir fornybar kraft i regionen.
  • Ansvar for og leiing av prosjekt i regional -og distribusjonsnett, med hovudfokus på regionalnett, frå oppstart til ferdig leveranse. Arbeidsoppgåver vil vere planlegging, gjennomføring av konsesjonsprosessar, prosjektering, utarbeiding av tekniske spesifikasjonar og gjennomføring av anskaffingar, prosjektstyring og HMS-ansvar.
  • Bidra til å bevare godt forhold til partnarar og kundar samt evne til å utvide eksisterande nettverk.

Kvalifikasjonskrav

  • Sivilingeniør eller ingeniør innan elkraft eller energi og miljø
  • Prosjekterings- eller prosjektleiarerfaring frå nettutviklingsprosjekt er ein fordel, men nyutdanna vil òg vere aktuelle kandidatar og oppfordrast til å søkje.
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg

Om deg

  • Stor interesse for elkraftfaget samt fleirfagleg prosjektarbeid
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Samhandlar godt med andre og har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Er ansvarsfull, engasjert og proaktiv samt har høg gjennomføringsevne
  • Jobbar strukturert og målretta
  • Løysningsorientert og motivert for ein travel kvardag

Vi tilbyr

Som prosjektleiar regionalnett i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegaer, samt faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver.