Prosjektleiar mot Stad skipstunnel

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid
Stad kommune Logo

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Astrid Fossheim Paulsen
48116806

Søknadsfrist

14. september 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Stad kommune har ledig 100 % stilling som rådgjevar/prosjektleiar for kommunale utbyggings- og utviklingsprosjekt. Arbeidet vil dei næraste åra i hovudsak knyte seg til kommunale prosjekt i samband med Stad skipstunnel, som Stad kommune er vertskommune for. Stillinga er plassert i eining for kommunalteknikk. Som tilsett i denne eininga vil du arbeide i team saman med andre rådgjevarar og prosjektleiarar. Du vil og arbeide tett saman med Stad Eigedomsutvikling KF ved utvikling av kommunale næringsareal. Du samarbeider også med innbyggjarar, næringsaktørar og med tilsette i andre einingar.

Eininga for kommunalteknikk har kontorstad Nordfjordeid, men du kan få oppmøtestad Selje dersom det er ønskjeleg.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgje og leie prosjektarbeid frå planlegging til overlevering av ferdig anlegg
  • Delta i tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Økonomistyring og saksbehandling knytt til prosjekta
  • Anna utgreiings- og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
  • Erfaring frå drift og prosjektleiing innan bygg og anlegg, eller VAO
  • Kunnskap om reglar for offentlege anskaffingar og NS for entrepriser
  • Kjennskap til offentleg forvaltning
  • Gode datakunnskaper og kjennskap til regelverk innan fagområde bygg/anlegg
  • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Om deg

  • Du må arbeide målretta og ha god oversikt og styring i prosjekt
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og samtidig vere ein god lagspelar
  • God rolle-, system og organisasjonsforståing
  • Du likar å samarbeide med andre, finne løysingar og sjå dei gjennomførte i praksis
  • Må kunne jobbe systematisk og samtidig vere fleksibel
  • Du må kunne presentere komplekse problemstillingar på ein enkel og forståeleg måte

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr utfordrande og spennande arbeidsoppgåver opp mot eit stort nasjonalt prosjekt, Stad Skipstunnel
  • Fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Vi ber om at arbeidsattestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

    Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med assisterande kommunedirektør Kristine Dahl eller kommunalsjef Astrid Fossheim Paulsen.