Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Prosjektleiar for besøksforvaltning | Vestland fylkeskommune | Sogndal | Fulltid |
Er du oppteken av reiseliv, utvikling og berekraft?
Då kan du vere rett person til stillinga som prosjektleiar hjå oss!
Vestland fylke har som mål å bli ein av dei fremste regionane i verda for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet. Vestland fylkeskommune ynskjer gjennom prosjektet "Besøksforvaltning i Vestland" å vere ein pådrivar for å nå dette målet. Besøksforvaltning handlar om å sikre ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa, og dette føreset at næringa har ein positiv innverknad for samfunnet rundt.
Fylkeskommunen har tidlegare gjennomført forprosjektet “Besøksforvaltning i Vestland”. Vi er no klar til å starte hovudprosjektet og treng ein dyktig prosjektleiar!
Arbeidsoppgåver
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å utvikle og leie prosjektet. Prosjektet har som mål å sikre at:
- reisemål blir forvalta etter ein overordna plan
- både gjester og fastbuande sit att med gode opplevingar
- auken i verdiskaping og sysselsetjing i hovudsak skjer i lokal reiselivsnæring
- reiselivsnæringa skaper positive ringverknader for anna næringsliv
- natur, landskap, by og bygdemiljø ikkje blir påført for stor slitasje
- identitet, lokal historie, mattradisjonar og kultur blir formidla
Du vil få spele på og arbeide tett saman med kollegaer i fylkeskommunen. Fagfelta reiseliv, landbruk og samfunnsutvikling er sentrale, men arbeidet vil også ha koplingar mot andre fagområde i organisasjonen. Reiselivsorganisasjonane og kommunane, både på politisk og administrativt nivå, vil vere viktige samarbeidspartar. Partnarane vil også vere representert i styringa av prosjektet og arbeide aktivt for å gjennomføre det.
Som prosjektleiar vil du vere sentral i å samle ulike aktørar og legge til rette for eit godt samarbeid. Aktuelle tema vil vere alt frå kunnskapsdeling og mobilisering, utforming av handlingsplanar, til å setje i verk konkrete samarbeidstiltak. Du vil også arrangere samlingar, nettverk, konferansar og legge til rette for å utvikle kunnskap og kompetanse.
Noko reising vil vere ein del av arbeidet. Kontorstad er Leikanger i Sogndal kommune eller Bergen.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
Det er ein fordel med:
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Andre opplysningar:
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.