Sogn og Fjordane Energi Hovedbilde

Prosjektingeniør

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Kinn Fulltid
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Roald Svarstad
97149961

Søknadsfrist

20. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Linja AS er nettverksemda i energikonsernet Sogn og Fjordane Energi. Vi er kring 140 medarbeidarar som jobbar med utvikling drift og vedlikehald av straumnettet i regionen. Linja har eit vidstrakt nett på kring 4000km. Selskapet har omfattande nybyggjingsaktivitet, og jobbar målretta med å utvikle framtidas nett- og systemløysingar.

Framtida er fornybar. Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.

Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

Linja AS har eit omfattande program for utvikling av linjenettet i forsyningsområdet. Ein stor del av nettet nærmar seg teknisk levetid som fører til oppgraderingar og nybyggingar i mange år framover. Samtidig er det stor pågang frå verksemder i området som ønskjer ny nettilknyting gjerne med høg effekt som også krev tiltak oppover i nettet.


Arbeidsoppgåver

  • Prosjektere og planlegge utføring av kabelanlegg og nettstasjoner i 22-kV nettet og i lågspentnettet, samt fiberanlegg
  • Avklare grunn for anlegga våre
  • Sakshandsame offentlege avklaringar
  • Vere prosjektleiar både i prosjekterings- og byggefase

Kvalifikasjonskrav

  • Du har ingeniørutdanning eller tilsvarande innan elektrofag
  • Du har gjerne erfaring frå prosjektering/byggeleiing og /eller fagbrev

Om deg

  • Ein person som kjem lett i dialog med andre og har avklarande evner
  • Samarbeidsorientert og spelar på lag med andre
  • Strukturert og har god orden og kontroll i arbeidet
  • Oppteken av HMS gjennom heile prosesssen - frå planlegging og prosjektering til gjennomføring

Vi tilbyr

  • 100% stilling, Fleksibel arbeidstid, konkurransedyktige vilkår
  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvarlegheit og nyskaping
  • Et stadig aukande mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn
  • Meiningsfull jobb innanfor fornybarnæringa
  • Gode offentlege tenester og ei mengde lokale tilbod innan kultur, sport og fritidsaktivitetar.
  • Gode transport forbindelsar med bil, buss og fly
Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde