Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Luster kommune | Luster | Fulltid |
Luster kommune søkjer to nye medarbeidarar til oppfølging av kommunen sine investeringsprosjekt. Den eine stillinga er prosjekt- og byggjeleiar for ulike store og små investeringsprosjekt, medan den andre er ei spissa stilling inn mot det å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Luster kommune.
Stillingane ligg til avdelinga eigedom, og er to 100 % faste stillingar som ingeniør.
Særleg omtale av prosjektleiar helse og omsorg 2030
Luster kommune skal gjennom satsinga helse og omsorg 2030 byggje framtidsretta bygg som skal gje gode rammer for dei helse- og omsorgstenestene som er lokalisert i kommunesenteret Gaupne. Dagens helsesenter skal samlokaliserast med Gaupne omsorgssenter i eit nytt helse- og omsorgssenter. Som del av prosjektet vil deler av dagens omsorgsbustadar bli sanerte, og bli erstatta. Luster kommune søkjer difor etter ein prosjektleiar som ønskjer å vere med på utviklinga av bygningsmassen frå ide til ferdig bygg.
Den som vert tilsett må jobbe tett opp mot helse- og omsorgssektoren. Den tilsette må ha stor forståing for komplekse prosessar med mange ulike parallelle oppgåver, der bygg- og organisasjonsutvikling må sjåast i samanheng.
Stillinga for prosjektleiar bygg helse og omsorg 2030 vert lyst ut tidleg i prosessen, slik at den som vert tilsett får høve til å vere med på å forme prosjektet frå planlegging til realisering. Stillinga er ei fast stilling, slik at ved ferdigstilling av prosjektet vil den tilsette jobbe med andre investeringsprosjekt for Luster kommune.
Særleg omtale av stilling som prosjekt- og byggjeleiar
Luster kommune har ei rekke store og mindre investeringsprosjekt i tida framover, og treng ein engasjert prosjekt- og byggjeleiar som kan følgje opp prosjekt og byggjeleiing knytt til investering på bygg og anlegg i kommunen til beste for brukarar og i tråd med økonomiske rammer.
Til stillinga vert det også lagt forvaltningsoppgåver kopla til kommunal eigedom og kommunale anlegg.
Me legg vekt på