Om stillinga
Flyktningtenesta har ledig 100% fast stilling som programrådgjevar frå 01.01.22.
Flyktningtenesta er ein del av NAV Luster med tilsaman 2,8 faste stillingar. Tenesta har det koordinerande ansvaret for busetjing og kvalifisering av flyktningar i Luster kommune.
Programrådgjevar sitt ansvar er å kartlegge den einskilde vaksne flyktning, for vidare å utarbeide integreringsplan med mål som skal ligge til grunn for deltakar sin veg til utdanning og/eller arbeid. Programrådgjevar jobbar med rettleiing, gjennomføring og evaluering av introduksjonsprogram. Programrådgjevar vil og ha ansvar for å utvikle og gjennomføre ulike kurs og tiltak knytt til arbeid, utdanning, livsmeistring og deltaking i samfunnslivet i tett samarbeid med Luster vaksenopplæring.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, rettleiing og sakshandsaming etter introduksjonslova og integreringslov
- Oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet
- Oppfølging knytt til arbeid, aktivitet og utdanning
- Tett samarbeid internt i flyktningtenesta, vaksenopplæringa og NAV
- Samarbeide tett med ulike tiltaksarrangørar, arbeidsgjevarar og skule
- Dokumentasjon, journalføring og rapportering
- Undervisning
Kvalifikasjonskrav
- 3 årig relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag, eller anna relevant utdanning.
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå arbeid med målgruppa
- Kunne kommunisere godt både på norsk og engelsk
- Digitale ferigheiter
Om deg
Du bør:
- Kjenne til lokalsamfunnet, næringslivet, lag og organisasjonar.
- Vite innhaldet i introduksjonslova, integreringslova og sosialtenestelova
- Ha erfaring med karriererettleiing og arbeidsretta oppfølging
- Tru på at alle mennesker har ressurser som kan nyttast i arbeid
Me legg vekt på
- Evne til å skapa gode relasjonar og motivere til framgang og utvikling
- Å vere sjølvstendig og ta ansvar, men også samarbeide og fungere i team
- Evne til å arbeida systematisk og målretta, men samtidig vera i omstilling
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Stor arbeidskapasitet, fleksibilitet og evne til å handtera fleire saker samtidig
- Personlege eigenskapar og ferdigheiter
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver i eit felleskap med mykje komptanse på kvalifisering og integrering.
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk