Vestland fylkeskommune Hovedbilde

Elskar du historie og foto så har vi ledig stilling som ordningsmedarbeider hos oss

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ordningsmedarbeider - spesialkonsulent Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid

Vestland fylkeskommune vernar, tilgjengeleggjer og formidlar arkiv og anna kulturhistorisk dokumentasjon som fortel om historie, samfunn, kultur og levde liv i Vestland. Det er seksjon arkiv, ei eining under avdeling for kultur og folkehelse, som har ansvar for dette fagfeltet.

I samband med at vi skal klargjere dei historiske fotoarkiva våre for flytting til nytt magasinbygg, har vi no ledig eit 1-årig engasjement som ordningsmedarbeidar i 100% stilling med arbeidsstad Leikanger.

Som ordningsmedarbeidar vil du ha som hovudoppgåve å jobbe med ompakking og ordning av historiske foto. Du vil også delta i arbeidet med å kartlegge tilstanden til samlingane, og utarbeide plan for flytting og innplassering av arkiva i nytt magasinbygg. Du vil samarbeide med vår fotoarkivar og fotograf i arbeidet med å klargjere fotoarkiva for flytting. Stillinga er ein moglegheit for å jobbe med fotobevaring både for deg som har relevant utdanning og er på jakt etter din første jobb i arkivsekstoren, og for deg som allereie har erfaring med samlingsforvaltningsarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Ordning, ompakking og liteføring av historisk fotomateriale
  • Tilstandskartlegging av fotografisk materiale
  • Deltai arbeidet med å utarbeide plan for flytting og innplassering av fotoarkiva i nye arkivlokale

Du må ha:

  • Utdanning på bachelornivå innan relevante fag som arkiv- og dokumentasjonsforvalting, fotografi, humaniora eller sammfunns- og kulturvitskap
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi vektlegg:

  • Praktisk erfaring med samlingsforvaltning i arkiv, bibliotek eller museum
  • Kunnskap om og interesse for forhistorie og kulturvern
  • At du er ryddig, systematisk og har gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

På heimesida vår finn du meir informasjon om fylkeskommunen og arbeidet ved seksjon arkiv.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli
varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk målform.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.