Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Deltid |
Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire vikarar. Dersom du ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar i helse og omsorg i kommunen er du velkomen til å søkje.
Vikararbeid i heimeteneste inkludert Bryggja omsorgssenter og Fossevegen bufellesskap, bu- og miljøtenesta, Hogatunet, Seljetunet og eining for helse.
Merk at du likevel må søkje på utlyste faste stillingar, faste helgestillingar og langvarige vikariat i Stad kommune i eigne utlysningar.
Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!
Med jamne mellomrom vil vi slette søkjarar som ikkje lenger er aktuelle for vikararbeid. Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.