Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire vikarar. Dersom du ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar i helse og omsorg i kommunen er du velkomen til å søkje.
Skriv gjerne i søknaden kvar du helst vil jobbe eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.
Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld kun tilkalling og korte vikariat.
Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!
Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.