
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Økonomikonsulent | Highsoft AS | Vik, Sogndal | Fulltid |

Økonomikonsulent – limet i kvardagen
Vikariat frå 1. april 2026 fram til 01. mars 2027.
Gjer inntekter tryggare, sal smidigare og administrasjon enklare.
Er du strukturert, serviceinnstilt og likar at ting faktisk blir gjort? Har du sansen for både tal, system og folk – og trivst når du kan gjere kvardagen enklare for andre? Då kan dette vere stillinga for deg.
Hos Highsoft ser vi etter ein økonomikonsulent i vikariat som støtter salsteamet vårt slik at vi sikrar inntekter og god flyt i fakturering og oppfølging. Samtidig vil du avlaste stab og leiarar med administrative oppgåver, slik at organisasjonen kan jobbe meir effektivt i kvardagen. Du blir ein sentral støttespelar – både for sal, økonomi og administrasjon.
Du får ein plass tett på kjerneverksemda vår, med stor tillit og korte beslutningsvegar. Her er det faktisk ikkje langt frå «det burde vi få til» til «det har vi fiksa».
Kva går jobben ut på?
Som økonomikonsulent hos oss får du ein variert og operativ kvardag med hovudfokus på salsstøtte. Du har ansvar for utgåande faktura og sikrar korrekt fakturering, betaling og oppfølging mot kundar, i tett samarbeid med salsteamet.
Du jobbar også med CRM-henvendelser, salsportal og webshop, og bidreg til testing og kvalitetssikring ved endringar som påverkar sal og økonomi. I tillegg deltek du i månads- og årsavslutning, samt periodisering av inntekter. Ein viktig del av rolla er å halde rutinar innan innkjøp, rapportering og sal oppdaterte, slik at kvardagen blir meir forutsigbar og effektiv for heile organisasjonen.
Kven er du?
Vi ser for oss at du har bakgrunn innan økonomi og/eller administrasjon, og at du trivst i ei rolle der du jobbar tett på sal og drift. Du er strukturert og nøyaktig, men også fleksibel nok til å handtere avbrot og små «kan du berre…»-oppgåver som dukkar opp i løpet av dagen. Du kommuniserer godt både på norsk og engelsk, og likar å vere ein person andre kan lene seg på når dei treng hjelp.
Kva kan vi tilby?
Du må påberekne å jobbe delar av tida frå hovedkontoret vårt i Vik, med fjord, fjell og kreative kollegaer rundt deg. Vi har flat struktur, høg takhøgd og låg terskel for å ta initiativ. Hjå oss er det rom for både ansvar, humor og faglege diskusjonar, gjerne over ein kopp kaffi i Stova, eit dartparti eller ein rusletur i bygda. Elles:
Du vil få brei innsikt i både sal, økonomi og drift i eit internasjonalt IT-selskap. Du blir ein del av eit lite, men veldig triveleg team som set pris på folk som tek ansvar og bidreg til at kvardagen flyt.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg! 🚀
