Økonomi- og rekneskapsmedarbeidar Bilde

Er du strukturert, analytisk og glad i tal? Vi vil ha deg med på laget!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Økonomi- og rekneskapsmedarbeidar Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid

Kven er vi? I Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar vi for at færre skal oppleve speleproblem, at det skal bli enklare å drive frivilligheit, og at stiftelsane skal tene formåla sine. Mellom anna forvaltar vi fleire tilskotsordningar, og i fjor delte vi ut om lag 4,4 milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar.

For at vi skal kunne levere på alle desse områdene er vi blant anna avhengige av dei mange dyktige menneska i stabseininga vår. Vi har no ledig fast stilling som økonomi- og rekneskapsmedarbeidar, knytt til stabseininga for økonomi- og verksemdstyring. Eininga er lita med tre tilsette, og koordinerer prosessar for plan, budsjett, rapportering og internkontroll, i tillegg til utbetaling av tilskota våre. Du vil hovudsakleg arbeide med reknskapsrelaterte oppgåver, både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer.

Er du god med tal og har erfaring med rekneskap? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Dette vil du jobbe med

  • Medansvar for utføring av rekneskapsfunksjonen med system- og bilagshandtering, kontroll, avstemming, fakturering, remittering, årsavslutning m. m.
  • Prosedyrer på området er i stor grad definert i grunntenestemodellen til Direktoratet for økonomistyring (DFØ). Vi nyttar økonomisystemet Unit4 (Agresso).
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar fleire store tilskotsordningar, der sjølve utbetalinga blir handtert av rekneskapsleddet. Vi sender ut om lag 7000 faktura årleg, og prosedyrar for innkreving inngår i jobben.
  • Ansvar for avlevering til Riksrevisjonen ligg til eininga. For statleg sektor blir det frå 2027 obligatorisk å føre rekneskap etter periodiseringsprinsippet i samsvar med statleg rekneskapsstandard (SRS).

Stillinga har i utgangspunktet avgrensa eller lite reiseverksemd.

Dette ser vi etter

For å søke må du ha utdanning på minimum bachelornivå innanfor økonomi eller rekneskap, til dømes økonomi- og administrasjon. Relevant erfaring knytt opp mot arbeidsoppgåvene kan kompensere for manglande utdanning. Tidlegare erfaring med heilskapeleg rekneskapsansvar er ønskeleg, om mogleg frå statleg sektor.

Vi ser etter deg som er strukturert og kan jobbe sjølvstendig. Stillinga har mange samarbeidsflater internt og mot eksterne, så gode samarbeidsevner vert vektlagt. For å løyse oppgåvene i jobben er det viktig at du ser løysingar i interne prosessar, til dømes opp mot DFØ-samarbeidet.

Kvifor skal du velje oss?

Her får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.

Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for. i Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.

Verdt å merke seg

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar stillingskode 1434. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkjarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde