NAV Økonomiteneste Hovedbilde

Økonom på jakt etter ny jobb?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
NAV Økonomiteneste Sogndal Fulltid
NAV Økonomiteneste Logo

NAV Økonomiteneste

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kari Hilde Skjæret
95 98 29 19

Søknadsfrist

12. mai 2024 Søk på stillinga her

No har du moglegheit til å bli ein del av NAV Økonomiteneste (ØT) på Leikanger – ein framtidsretta arbeidsplass som leverer interne lønns- og rekneskapstenester til heile NAV.

NAV Økonomiteneste tek fortløpande i bruk nye digitale løysingar for å sikre effektive tenester med høg kvalitet. Vi digitaliserer fleire oppgåver på lønnsområdet og førebur innføring av statlege rekneskapsstandardar (SRS). I lag med erfarne og dyktige kollegaer får du moglegheit til å utvikle eit viktig område internt i NAV.
Vi har ledig to faste stillingar som sakshandsamar ved Lønnsseksjonen. I tillegg vil midlertidige tilsetjingar bli vurdert.

Seksjonen har mellom anna ansvar for:

  • Utbetaling av lønn (Unit4)
  • Attestasjon og kvalitetssikring av reiserekningar (Unit4 Travel & Expenses)
  • Forvaltning av tidregistreringssystemet (MinWinTid)
  • Refusjon av foreldre- og sjukepengar for statleg tilsette i NAV
  • Prosjekt og utviklingsarbeid Funksjonalitetstilpassingar i våre løysingar

Arbeidsoppgaver

  • Sakshandsaming på reiseområdet i NAV
  • Lønnsarbeid frå A til Å
  • Analyse og rapportering
  • Rådgjeving innan lønn, reise, tid og refusjon

Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan økonomi, administrasjon, HR, juss
  • Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode digitale ferdigheiter og gjerne kjennskap til lønn og regnskapssystem som t.d. Unit4 og MinWinTid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi ønskjer at du har god økonomiforståing og kjennskap til statleg regelverk på området.

Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har lang arbeidserfaring. Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Personlige egenskaper

  • Du jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
  • Du trivast med eit høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er utviklingsorientert og tek ansvar

Kven er vi?

NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 22 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.

Vi tilbyr

  • Eit godt, inspirerande fagmiljø med spennande oppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Familievennleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida.
  • Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr. 565 900 – 635 400 brutto pr år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka

Arbeidssted

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger

NAV Økonomiteneste Kulturbilde