NAV Økonomiteneste Hovedbilde

Økonom med interesse for teknologi?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
NAV Økonomiteneste Sogndal Fulltid
NAV Økonomiteneste Logo

NAV Økonomiteneste

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kari Hilde Skjæret
95 98 29 19

Søknadsfrist

10. desember 2023 Søk på stillinga her

No har du moglegheit til å bli ein del av NAV Økonomiteneste (ØT) på Leikanger – ein framtidsretta arbeidsplass som leverer interne lønns- og rekneskapstenester til heile NAV. Vi har ledig ei fast stilling for den rette kandidaten, kan det vere deg?

ØT er ein framtidsretta arbeidsplass som tek i bruk nye digitale løysingar for å sikre effektive tenester med høg kvalitet. Vi digitaliserer fleire oppgåver på lønnsområdet og førebur innføring av statlege rekneskapsstandardar (SRS). I lag med erfarne og dyktige kollegaer får du moglegheit til å utvikle eit viktig område internt i NAV. Vi ser etter deg som ynskjer å jobbe i skjæringspunktet mellom økonomi og teknologi.

Stillinga vi lyser ut er fast og tilknytt seksjon Lønn, som mellom anna har ansvar for:

  • utbetaling av lønn (Unit4)
  • attestasjon og kvalitetssikring av reiserekningar (Unit4 Travel & Expenses)
  • forvaltning av tidregistreringssystemet (MinWinTid)
  • refusjon av foreldre- og sjukepengar for statleg tilsette i NAV
  • prosjekt og utviklingsarbeid
  • funksjonalitetstilpassingar i våre løysingar

Arbeidsoppgåver

  • Kontinuerleg forbetring og effektivisering av arbeidsprosessane våre
  • Leverandøroppfølging og systemtilpassingar
  • Å delta i eller leie små og store prosjekt
  • Lønnsarbeid frå A til Å
  • Rådgjeving innan lønn, reise, tid og refusjon
  • Oppgåver på reiseområdet

Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan økonomi, administrasjon eller jus
  • Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode digitale ferdigheiter og gjerne kompetanse i Unit4 og MinWinTid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du er utviklingsorientert og tek ansvar
  • Du ser samanhengar og evnar å jobbe med kontinuerleg forbetring i praksis
  • Du jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
  • Du evnar å prioritere mellom oppgåver og trivast med eit høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner

Du får god opplæring og ein fadder som passar på at du finn deg til rette og kjem godt i gang med oppgåvene dine.

Vi tilbyr

  • Eit godt, inspirerande fagmiljø med spennande oppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Familievennleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstid
  • Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr. 565 900 – 692 400 brutto pr år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka
NAV Økonomiteneste Kulturbilde