Er du ein dyktig HR-rådgjevar som meistrar kunsten å balansere strategisk og operativt HR-arbeid? NAV Økonomiteneste ser etter deg som vil spele ei viktig rolle i arbeidet med nærversarbeid, helse, miljø og sikkeherheit (HMS) og etterleving av strategiane våre. I tillegg vil du jobbe med rekruttering, lønnsadministrasjon og andre HR-relaterte oppgåver. Dette er ei spennande rolle der du jobbar tett med leiargruppa og direktøren ved NAV Økonomiteneste.
Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske, er god på samarbeid og å bygge gode relasjonar. Du ser viktige detaljar, samstundes som du har eit heilskapsperspektiv i arbeidet. Vidare er du strukturert og kan jobbe sjølvstendig og levere med riktig kvalitet til fastsette fristar.
Vi har no ei ledig fast stilling som HR-rådgjevar ved NAV Økonomiteneste, i seksjonen Fagstøtte. Nokre av arbeidsoppgåvene til seksjonen er:
- Verksemdsstyring og organisasjonsutvikling
 - Prosjektstøtte og utvikling
 - Automatisering av prosessar ved bruk av RPA
 - Opplæring i NAV på økonomiområdet
 - 1. linje brukarstøtte for spørsmål om tid, lønn, reise og faktura internt i NAV
 
Arbeidsoppgåver
- Vere leiarstøtte og gje opplæring innan aktuelle område som til dømes samtaleteknikk, oppfølging av sjukmeldte
 - Følgje opp IA-avtalen (inkluderande arbeidsliv)
 - Utarbeide HMS-plan og sikre gjennomføring av planlagde tiltak
 - Førebu og gjennomføre lønnsforhandlingar
 - Praktiske oppgåver knytt til lønn og personaloppfølging
 - Rekruttering og kompetansebygging i samsvar med strategien vår
 - Lage statistikkar, rapportar og gjennomføre analyser innanfor fagområdet HR
 - Delta i NAV sitt HR-nettverk
 - Vere fagleg oppdatert på HR-området og følgje opp at leiarar og tilsette har naudsynt kompetanse
 - Ivareta sekretariatfunksjon i Arbeidsmiljøutvalet (AMU) og Medbestemmelsesapparatet (MBA)
 
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelor-nivå og/eller relevant arbeidserfaring
 - Erfaring frå offentleg sektor
 - Kunnskap om lov- og avtaleverk som Statens personalhandbok, Arbeidsmiljølova og Hovudtariffavtalen i Staten
 - God på munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk
 - Kjennskap til system som Webcruiter, Unit4, sak/arkiv-system og statistikkverktøy som Tableu er ein fordel
 - Rettleiarkompetanse er ein fordel
 
Personlege eigenskapar
- Du likar å ta ansvar og er god til å drive prosessar
 - Du er god på samarbeid
 - Du likar å jobbe med menneske
 - Du er profesjonell og kjenner rolla di
 
Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spanande oppgåver.
 - Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.
 - Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar. Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida.
 - Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnspenn 565 900-692 400 kr brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
 - God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
 - Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.