Luster kommune Hovedbilde

Miljørettleiar/fagarbeidar/assistent - grunnskule og SFO

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid
Luster kommune Logo

Luster kommune

Rådhusvegen 1
6868 Gaupne
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Hafslo barne- og ungdomsskule: Hilde Holte Selland: hilde.holte.selland@luster.kommune.no, 57 68 58 22 / 911 78 041 Gaupne skule: Linda Øvregard Røhme: linda.ovregard.rohme@luster.kommune.no, 57 68 57 42 / 402 28 586 Veitastrond oppvekstsenter: Elisabeth Alme: elisabeth.alme@luster.kommune.no, 993 60 226
576 85 500

Søknadsfrist

26. mars 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vil du vera med og skapa ein framtidsretta skule og SFO? Lustraskulen treng fleire dyktige og inspirerande tilsette frå 01.08.2023. Saman skal me gje barna fine og trygge dagar med leik, opplevingar, utvikling og læring.

Vil du bruka kompetansen din for å bidra til at elevar meistrar skulekvardagen sin og har det kjekt med leik og aktivitetar på SFO. Lustraskulen ønskjer eit godt lærings- og leikemiljø for elevar med tydelege og støttande vaksne. Det er fleire og fleire elevar som ønskjer å nytta SFO, og både lokalt og nasjonalt er det auka fokus på SFO som arena for venskap, leik og læring. Fleire av dei utlyste stillingane våre er kombinerte stillingar med jobb i både skule og i SFO.

I alle desse stillingane er relasjonsbygging og samarbeidsevne viktige eigenskapar.

Ledige stillingar:

  1. 80 % fast Hafslo barne-og ungdomsskule. Miljørettleiar knytt til 63 % skule og 17 % SFO. I skule er stillinga knytta til elev med særskilde behov. Fagkompetanse: treårig høgskuleutdanning knytt til barn og unge. Ynskjeleg med spes.ped.utdanning eller vernepleiarutdanning
  2. 73 % fast Hafslo barne- og ungdomsskule. Miljørettleiar knytt til 55% skule og 18% SFO. I skule er stillinga knytt til elev med særskilde behov. Fagkompetanse: treårig høgskuleutdanning knytt til barn og unge. Ynskjeleg med spes.ped. utdanning eller vernepleiarutdanning
  3. 42 % fast Hafslo barne- og ungdomsskule. Fagarbeidar knytt til skule. Fagkompetanse: fagbrev som barne- og ungdomsarbeid
  4. Inntil 76 % årsvikariat som miljørettleiar knytt til 66,45% skule og 9,33% SFO. Fagkompetanse: treårig høgskuleutdanning knyttatil barn og unge. Ynskjeleg med spes.ped. utdanning
  5. 100 % fast Hafslo barne- og ungdomsskule. SFO-koordinator. 50% administrasjon og 50% med barn. Fagkompetanse: fagbrev som barne- og ungdomsarbeid eller treårig høgskuleutdanning knytt til barn og unge. Anna relevant erfaring kan vere aktuelt
  6. Inntil 52 % årsvikariat Hafslo barne- og ungdomsskule. Fagarbeidar knytt til SFO. Fagkompetanse: fagbrev som fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeid. Arbeidstid er ein time morgon (7.30–8.30) og tre timar ettermiddag ( 13.30–16.30)
  7. Inntil 92 % årsvikariat Hafslo barne- og ungdomsskule. Miljørettleiar knytt til 64% skule og 28% SFO. Fagkompetanse: treårig høgskuleutdanning knytt til barn og ungdom. Ynskeleg med spes.ped. utdanning, sosialt arbeid eller vernepleiarutdanning. Menn blir oppmoda til å søkja denne stillinga
  8. 100 % fast Gaupne skule. SFO-koordinator. 70% av stillinga er knytt til SFO, der 37 % er administrasjon og 33 % er arbeid med barn. I tillegg kjem 30% stilling som elevassistent i skulen. Arbeidstid er 37,5 t./v. Fagkompetanse: Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid eller treårig relevant høgskuleutdanning. Anna relevant erfaring kan og bli vurdert
  9. 32 % fast Gaupne skule. Fagarbeidar på SFO. Fagkompetanse: Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Arbeidstid er kl 13.45 til 16.00 kvar dag
  10. 32 % fast Gaupne skule. Fagarbeidar på SFO. Fagkompetanse: Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Arbeidstid er kl 13.45 til 16.00 kvar dag
  11. Inntil 32 % fast Veitastrond oppvekstsenter. Fagarbeidar på SFO. Fagkompetanse: Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid

I søknadsskjema kan du velge kva stillingar du vil søkje på.

Av erfaring vil me først ha den totale oversikta over tal stillingar og kvar det er ledig stilling i løpet av våren. Om det skulle verta behov for fleire stillingar enn det som er utlyst i denne hovudutlysinga, vil me kontakta aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga no gjeld med andre ord også for andre ledige stillingar som kan koma til utetter våren. Du kan difor få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga.

Arbeidsoppgåver

  • medverka til å skapa eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø (skule/SFO)
  • følgja opp einskildelevar med særskilde behov for tilrettelegging gjennom skuledagen (skule)
  • bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute (SFO)
  • samarbeida med kollegaene og føresette (skule/SFO)

Kvalifikasjonskrav

  • godkjend relevant utdanning, t.d. fagbrev barne- og ungdomsarbeidar (assistent skule/SFO), treårig høgskuleutdanning innan sosialt arbeid, vernepleie eller liknande (miljørettleiar/SFO),
  • erfaring med barn og unge
  • at du er personleg eigna vert vektlagt
  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg

Om deg

  • engasjert, positiv, inkluderande og løysingsorientert
  • evnar å skapa gode relasjonar med einskildbarn/gruppa og med føresette
  • evnar å arbeida sjølvstendig, ta initiativ og ansvar
  • likar å samarbeida med andre og god på kommunikasjon
  • vera fleksibel og ha evne til å finna høvelege løysingar i ein hektisk arbeidssituasjon
  • godt humør

Vi tilbyr

  • spennande og varierte arbeidsdagar
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein sterk fagleg organisasjon
  • fokus på pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • løn og pensjonsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Luster kommune Kulturbilde