Miljøarbeidar i skule og miljøteneste, 100 % fast stilling

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fjaler kommune Fjaler Fulltid

Om stillinga

Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad, og som vert motivert av faglege utfordringar.

Vi søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevant utdanning og erfaring kan søkje og blir vurdert. Vi søkjer etter ein person/kollega med erfaring frå målretta miljøarbeid og arbeid med menneske med utviklingshemming. Som miljøarbeidar jobbar du for å legge til rette for deltaking og oppfølging i aktivitetar og kunne planlegge og gjennomføre daglege aktivitetar og gjeremål for den enkelte. Det blir tilbod om fagleg oppfølging og rettleiing. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

  • Arbeidstid og arbeidsstad:
  • Arbeid i turnus
  • Dagvakter/ mellomvakter og langvakter i turnus fordelt mellom skule, avlastingsbustad og miljøteneste.
  • Langvakter kvar 4. helg

Arbeidsoppgåver

  • Utføre tenester i samsvar med vedtak og retningsliner for den enkelte
  • Arbeide for å fremje sjølvstende og meistring hjå tenestemottakar
  • Samhandlar på tvers av tenester: heim, skule og miljøteneste
  • Rettleie og bistå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
  • Arbeide målretta i høve aktivitetar, gjeremål og sosiale aktivitetar
  • Etiske refleksjonar kring eigen praksis, evaluere tiltak, målsetjingar og tenester
  • Varierte oppgåver på tvers av arenaer: fritid, skule, eigen bustad

Kvalifikasjonskrav

  • Vernepleiar
  • Høgskuleutdanna, innan helse og sosialfag eller pedagogiske utdanning
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjend MRSA- og tuberkulintest før tiltreding
  • Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Vi vektlegg at personen er egna til stillinga

Om deg

  • Løysningsorientert. Kunne løyse uføresette oppgåver og problemstillingar
  • Strukturert. Kunne planlegge og gjennomføre målretta tiltak og aktivitetar
  • Sjølvstendig
  • Ha evne til å ivareta brukarmedverknad og etisk refleksjon
  • Tydeleg, fleksibel og engasjert
  • God til å byggje relasjonar og kontakt med andre
  • Kreativ
  • Godt humør